No kan du søke om støtte frå kommunalt næringsfond

Søknadsskjema Kommunalt næringsfond for Sogndal kommune.

I samband med koronakrisa har Sogndal kommune fått tilført omlag 2,4 mill. kroner frå Vestland fylkeskommune til kommunalt næringsfond. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. Tiltaket må ikkje vere starta opp før tilskotet er innvilga. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.

I vurderinga av søknadane skal det særskilt leggast vekt på:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial

  • i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet

  • kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Midlane vert forvalta i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". I tillegg har formannskapet i Sogndal kommune vedteke eigne retningslinjer for bruken av midlane.

Det kan no sendast søknad Regionalforvaltning.no, og søknadane vert handsama fortløpande. 

Vi anbefaler at alle søkarar set seg godt inn i forskrift og retningslinjer. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring på post@sognnaring.no om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.

aktueltGuest User