May Lene styrker laget vårt

Vi i Sogn Næring går eit travelt år i møte, og er veldig glade for å få med oss May Lene Steinheim Lunden på utviklingslaget.

May Lene er medeigar og dagleg leiar for Fjordsafari Norway AS i Flåm, og vil det neste året vere tilknytt Sogn Næring i ei 50%-stilling.

-Gjennom denne tilsetjinga vert Sogn Næring tilført viktig kompetanse på bedriftsutvikling generelt, og på reiselivs- og opplevingsnæringa spesielt, seier dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid. -Det er krevjande tider for delar av næringslivet. Reiselivet er inne i ei massiv omstilling, og det er viktig for oss å vere relevante og ha kapasitet til å bidra for dei som har behov.

May Lene Steinheim Lunden kjem frå Lærdal, er busett i Aurland og har 15 år erfaring frå reiseliv, utvikling og leiing. Akademisk bakgrunn har ho frå BI med spesialisering i bedriftsutvikling. I tillegg har ho eit stort engasjement innan både samfunns- og næringsliv, og sit i fleire styre i næringslivet i tillegg til styra i sine eigne bedrifter.

-Næringslivet i regionen vår er spennande og har stort potensiale. Frå 2005 og fram til i dag har eg fått ta del i dei fleste fasar ei bedrift går gjennom, med dei oppturar og nedturar det fører med seg og eg gler meg til å nytte erfaringane mine til å spele bedrifter gode, seier May Lene. -Ein kan alltid bli betre, ein må tørre å tenkje nytt og sjå på endringar og omstilling som moglegheiter for å bli enno betre.

Allereie frå midten av januar er May Lene operativ, inntil det kan de ta kontakt med oss på post@sognnaring.no.

aktueltGuest User