Lunsj med påfyll: Gasta design og kommunikasjon

2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal, onsdag 22. september klokka 11:30. Du kan og følge arrangementet direkte nederst på denne sida.

I 2014 la Gasta om strategien og fokuserte 100% på eit verktøy, Squarespace. Dette gav vekst og kundar over heile landet. No legg selskapet igjen om strategien. Du møter eigar og dagleg leiar, Vidar Bondevik.

————————————————

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

arrangementGuest User