20. april var det 15 år sidan Sogn Næring vart skipa og dagen vart markert i Balestrand. Programmet starta med kulturvandring i regi av Eli Grethe, deretter fortsatte programmet på Ciderhuset. Gjestene fekk innblikk i fortida til selskapet og det vart presentert noko av det framtida har å bringe. I løpet av kvelden vart det servert lokal cider saman med ein presentasjon av historia til Cider i Sogn, etterfulgt av ein nydeleg middag. Feiringa var ein stor suksess og konfirmanten sjølv er spesielt takksam for alle dei som tok seg tid til å feire ein heil dag til ende! Vi i selskapet gler oss til å tre inn i dei vaksne sine rekker og ta fatt på dei oppgåver som ventar oss der.
Konfirmert og klar for vaksenlivet
Forrige
Forrige
Kan verksemder med ei sosial botnlinje løyse kommunale utfordringar?
Neste
Neste