Kommunesamling i Bergen

27. og 28. oktober inviterte Vestland Fylkeskommune til kommunesamling med tema Samarbeid om innovasjon. To dagar, fullpakka med godt program og mykje god dialog. På agendaen stod tema som korleis vi skal bli best på verdiskaping saman, ei dør inn - eit pilotprosjekt for å samle alt verkemiddelapparatet har å by på og eit veldig lærerikt foredrag om psykologisk tryggleik.

Dag to fekk vi høyre om berekraftig besøksforvaltning, grøne hubar og grøn næringsutvikling, koronakrisa som grobotn for samarbeid og nyskaping, attraktive stadar og lokalsamfunn som verkemiddel for lokal og regional næringsutvikling og ikkje minst nyhende frå Vestland fylkeskommune.

Tilbakemeldinga til Fylkeskommuen var at dette er ei samling alle kommunane sat pris på og som er ynskjeleg at vert eit fast årleg arrangement.

Vi takkar for oss og ser fram til neste samling med fagleg og sosialt påfyll!

 
 


aktueltLine Bjeldeaktuelt