Kompetansekampen!

Jakta etter rett kompetanse er ei kjend utfordring. I NHO sitt “veikart for fremtidens næringsliv”, er ambisjon nr. 7 er å tette kompetansegapet. Sjølv om Norge utdannar fleire mennesker enn nokon gong før, er kompetansegapet framleis aukande. I følgje NHO’s kompetansebarometer for 2020 oppgav 6 av 10 verksemder at dei har eit udekka kompetansebehov. Dette bilete er kanskje ekstra gjeldande i distrikta. Saman med Sogndal kommune arbeida vi difor med ein plattform vi på sikt har ambisjonar å vere eit godt verktøy i rekrutteringsarbeidet.

Sogn.no er under utvikling, men vi er avhengig av innspel og tilbakemelding frå brukarane, om vi skal lukkast i å gjere sida aktuell, Seier Line Bjelde, prosjektleiar for Sogn.no, som gladeleg tek i mot alle idear og innspel til sida.


Foto: Framtidsfylke.no

Ein viktig del av arbeidet med å profilere oss er å vere synlege der studentane er. Saman med Sogn Regionråd skal vi representere regionen som arbeidsmarknad på årets karrieremesse i regi av Framtidsfylket Vestland. Messa går av stabelen den 22. mars, og vi oppmoda alle bedrifter om vere til stade. Kanskje er det det her di verksemd møter sitt framtidige kompetansebehov. Langsiktig og strategisk arbeid er ein del av nøkkelen om ein skal lukkast med rekruttering.


Ta gjerne kontakt med line@sognnaring.no om du ynskjer innhald om di verksemd eller ledige stillingar på Sogn.no.

aktueltLine Bjelde