Godt samarbeid mellom skule og næring

Gjennom prosjektet Yrkesfaglærar 2 har Sogndal vidaregåande skule etablert eit godt samarbeid med det lokale næringslivet. Målet med prosjektet er at elevane skal få betre kjennskap til dei ulike yrka innan deira utdanningsretning. Restaurant og matfag har no eit tett samarbeid med Ellevilt, Sogndal Hotell og Meny. Resurspersonar frå bedriftene underviser elevane i ulike tema som poteter og grønsaker, fisk og skaldyr, bearbeiding av kjøt og fisk. Elevane er også utplassert i bedriftene ein dag i veka.

Elektrofag har etablert samarbeid med Holen Installasjon AS, Mesta AS Elektro og Sognekraft AS. Første aktivitet var ein tur ut til Mesta, med synfaring i den nybygde Goteviktunnelen som høgdepunkt (bilete). For elevane var det ei flott oppleving å gå rundt på anlegget som no er i testfase før åpning, med mykje å sjå både innan energi, automasjon og teledatafaget.

Les meir på skulen sine nettsider:

Restaurant- og matfag i samarbeid med lokalt næringsliv

Kjempeflott og lærerik dag med Ellevilt

aktueltGuest User