Frukostmøte i Vik 26. oktober

Sogn Næring og Vik Næringssamskipnad inviterer til frukostmøte på Blix hotel tysdag 26. oktober klokka 07:30. Påmelding seinast 25. oktober på skjema nederst på denne sida.

Program

07:30 Frukost og mingling
08:00 Velkommen v/Åslaug Stadheim Ese, Vik Næringssamskipnad og Line Bjelde, Sogn Næring
08:05 Sogn U40 - nettverket for unge og ambisiøse, v/Erlend Fardal Lunde, initiativtakar og styreleiar
08:25 Strategisk Næringsplan: Gjennomgang av førsteutkast med mogelegheit for innspel, v/Joakim Systaddal, kommunalsjef Sogndal kommune
08:40 Kaffipause
08:50 Siste frå Vik Næringssamskipnad
09:05 Siste frå Sogn Næring, v/Line Bjelde, forretningsutviklar
09:20 Spørsmål og innspel
09:30 Ha ein fin arbeidsdag!

Programleiar er forretningsutviklar Line Bjelde frå Sogn Næring.

Etter frukostmøtet er både Vik Næringssamskipnad og Sogn Næring tilgjengelege for dei som vi slå av ein prat.

arrangement, aktueltGuest User