Frukostmøte i Vik

Vik Næringssamskipnad inviterer til frukostmøte på Blix hotell 5. mai kllokka 08:00 til 10:00 med fylgjande program:

Vik kommune sine investeringsplanar framover med spesiell fokus på arealplan og næringsareal
v/ Ordførar Roy Egil Stadheim

Miljøfyrtårn – noko for bedrifta di?
Jens Melheim fortel om sine erfaringar og Heidi Helle frå Rørsla med motivasjonsføredrag om prosessen.

Reiselivet sine utfordringar i koronatida – er omstillingar muleg og kva kan Vik, både reiselivsaktørar sjøl og næringsapparatet gjera? Satsing på aktivitetsturisme og/eller heilårsturisme.
May Lene Lunden frå Sogn Næring. 

Sogn Næring er på plass med fleire representantar på møtet og er tilgjengelege for ein prat i etterkant.

Påmelding til jar@blixhotell.no innan 4/5 kl 12.

Arrangementet føl alle smittevernreglar, og kan bli endra på kort varset om smittesituasjon endrar seg.