Frukostmøte: Cruiseturisme i Vik

Foto: Kjell Vikestad

Sogn Næring og Vik Næringssamskipnad inviterer næringsliv og arbeidsliv til frukostmøte med tema Cruisesatsinga i Vik torsdag 27. januar på Blix Hotel..

Det er estimert at om lag 50 000 cruiseturistar kjem til Vik i 2022, og det er derfor viktig at næringslivet i Vik er klare til å ta i mot dei med lokale varer og aktivitetstilbod. På oppdrag frå Vik Næringssamskipnad og Vik kommune jobbar Sogn Næring for ei satsing mot cruisesesongen 2022. Målet med satsinga er å legge forholda til rette for lokal verdiskaping gjennom auka fokus på cruiseturisme i kommunen. Det er og sett i gang eit arbeid med å kartlegge korleis Vik skal satse på cruiseturisme i framtida og kva fordelar dette kan ha for reiselivsaktørar i kommunen.

I samband med denne satsinga har vi invitert representantar frå Carnival Group Norway og European Cruise Service til å snakke om cruisenæringa og korleis vi kan utvikle salgbare reiselivsprodukt i Vik. Representantar frå arbeidsgruppene vil og presentere kva dei jobbar med og planane framover.

Program:

07:30 Frukosten er servert
08:00 Velkommen v/Karoline Myklebust, Sogn Næring
08:05 Representantar frå arbeidsgruppene som arbeider med cruise i Vik presentera seg og fortel korleis dei jobbar med cruise spørsmåla
08:25 Carnival Group Norway v/Sandra Diana Bratland – Cruisenæringa i Norge i dag og i framtida
08:45 Kaffipause:
08:55 European Cruise Service v/Andreas Storl – Kva skal til for å bygge opp aktivitetstilbod til turistar i Vik kommune?
09:15 Spørsmål og innspel frå salen

Velkommen!

Påmelding her:

aktueltGuest User