Årets happening - Fjellpitch 2021!

 

PÅMELDING ER STENGT

I september arrangerar vi, saman med Kunnskapsparken Vestland, årets happening i Sogndal. I år vert Fjellpitch ein utvida versjon, med program heile dagen. Det vert spennande føredragshaldarar, pitchekonkurranse og rom for nettverking - ein dag med fokus på grûnder- og entreprenørskap.

Som alltid er pitchekonkurransen ein viktig del av dagen. Vi oppmoar alle med ein grûnder i magen om å ta kontakt med Knut Erlend i Sogn Næring eller Hilde Grinde i Kunnskapsparken, for rettleiing eller spørsmål om konkurransen. Kanskje vert det din ide som stikk avgårde med premien med ein samla verdi på kr. 50 000!

 
 

I tillegg til studentar og grûnderar håpar vi på godt oppmøte frå bedrifter i Sogndal. Ekstra stas hadde det og vore om lokalt næringsliv hadde spelt inn innovative forslag til pitchekonkurransen. Vi trur nemleg det ligg mange potensielt svært gode forretningsidear i skuffa til bedrifter i Sogn, som berre venta på eit passande høve til å bli teken fram.

Føl med vidare for dato og detaljar kring programmet. Det er berre å glede seg!