Møt Fusarane: Euan Nyguist

Euan utviklar ein bygningsintegrert solcelleløysing i tillegg til å drive med anna arbeid knytt til solceller. Me tok ein prat med Euan for å høyre kva erfaringar han har med å vere Fusar.

 

Kven du?

Eg er ein 28 år gammal mann, som er oppvaksen i Lancaster County, Pennsylvania, men eg reknar meg sjølv som semi-lokal ettersom at eg har budd her i 8 år no.

Korleis kom du inn i solcelleindustrien?

Eg skreiv ei bacheloroppgåve her ved Høgskulen på Vestlandet om solceller som ein investering, gjennom dette begynte eg å snakke med Knut Erlend (medeigar i selskapet) om solceller og me fann ut at dette var noko me ville satse på.

Kvifor Sogndal?

Eg kom direkte til Sogndal frå USA. Me var tre vener som ynskja å flytte til Europa, helst Frankrike. Ettersom at han eine i gjengen fekk kontakt med Vestlandsforsking i Sogndal så reiste me hit heile gjengen. No er to av tre i gjengen busett i Sogndal.

Korleis fant du FUS?

Eg fann ut om FUS gjennom Kunnskapsparken Vestland, som eg er inkubatorbedrift hjå. Dei sit berre ein etasje over kontoret som også gjer kontorfellesskapet ideelt. Det er ein stor fordel å vere så tett på verkemiddelapparatet.

Kva fordelar ser du med å sitje på FUS og ikkje heime?

Det er sosialt, og dersom ein lurer på noko er det mange forskjellige bedrifter i ulike fasar og bransjar som er villige til å komme med tips og råd. Dette har gitt ein stor meirverdi for bedrifta vår.

Eg har til dømes fått diskutert metallkonstruksjonar med ein ingeniør som sit her på FUS. Eg har og fått tips om ein lokal produsent på Kaupanger som moglegvis kan hjelpe meg med å produsere denne. Her har FUS korta ned vegen frå idé til prototype.

Og heilt til sist, kva betyr FUS?

Intervjuobjektet reagerer først med latter, men kjem etterkvart fram til at intervjuar har fortalt noko om å vere først eller noko i den duren.

Fasit:

FUS: Uttrykk som vert nytta mellom vener/søsken for å erklære førsterett til noko, den som er førstemann.

 

 

 

aktueltStian Hofslundsengen