Det skjer i Sogn(.no)

Eit av prosjekta vi arbeida med er utviklinga av sida Sogn.no. På sikt er målsetnaden at dette skal vere ein plattform for Sogn som felles bu- og arbeidsmarkand. Her skal det vere lett å sjå alle dei positive tinga ved å bu i Sogn. Det skal vere aktuell informasjon om det som skjer, ledige stillingar og kvalitetar i kvar bygd. Dette er eit pågåande arbeid og det skjer stadig utvikling.

No er Skjolden på plass med eiga sida og det er fleire spennande ledige stillingar og vi er i gang med ei side for dei som er unge i Sogn. Og ikkje minst er Sogn.no no å finne med eigen profil på facebook, slik at det skal bli enda lettare for alle å finne fram til alt det ein treng å vite om Sogn.


Har du innspel til informasjon vi burde dele på Sogn.no eller har du ei ledig stilling du vil ha litt meir blest om, ta kontakt med line@sognnaring.no.

aktueltLine Bjeldeaktuelt