Bli kjend med Fusarane: Almar Brandal i Norsk energi

Då kjærasten til Almar Brandal sikra seg jobb som psykolog i Sogndal blei han med på flyttelasset til Vestalndet. Han måtte derfor finne ei løysing for eigen arbeidssituasjon, og løysinga han fann er han særs nøgd med når me tok ein prat med han.

Kven er de?

Norsk Energi er eit konsulentfirma innan termisk energi som jobbar med å rådgje verksemder om utnytting av energien dei har, og korleis nytte den til oppvarming av byggmasse.

Kva jobbar du med?

Eg er konstruktør og jobbar med 3D-modelering og berekning av røyrsystem og røyroppheng. For det meste knytt til varmesentraler der varmemedium, (til dømes vatn) skal gjennom forskjellige prosessar på vegen før det skal ut til kunde og varme opp skular, kjøpesenter, bustader og andre stader der varme trengst.

Korleis fant du oss?

Det heile starta med at kjærasten min fekk seg jobb her i Sogndal som psykolog. Då starta prosessen med å finne ut korleis eg skulle løyse dette med  jobb.

Sidan eg var er nøgd med jobben eg allereie hadde ynskja eg ikkje å gi opp denne og såg på moglegheitene for å ta med jobben på flyttelasset.

Då eg fann Fus på google, syntes eg det såg interessant ut og tok kontakt med avdelingsleiar for å få til ein ordning så eg kunne jobbe remote.

Kva fordelar ser du med å sitje på fus og ikkje heime?

Det er mange! Fus er eit fint og ryddig kontorlandskap, Hyggelege kontorkollegaer, Mykje sosiale hendingar og møteplassar.

Det er deilig å komme seg ut av huset og skape eit visst skilje mellom jobb og fritid. Det er heller inga bakdel at klatreveggen ligg innanfor tørrskodd gonge frå kontoret

Og heilt til sist, veit du kva “Fus” betyr?

Det veit eg ikkje, det kan hende eg har lese det ein plass men eg hugsar ikkje.

-Etter at intervjuet var ferdig klarte intervjuobjektet å gjette at det ikkje var ei forkorting av noko slag men at Fus ikkje betyr noko anna enn å vere Fus, som det vart brukt i barndomen.

Stian Hofslundsengen