Arbeidet på Kristianhus i Vik er i gang!

Då er arbeidet med å rigge Kristianhus til cruiseturistane i gang!

Innan sesongen er i gang for fult så vil både uteområdet og delar av lokalet vere rigga og klart for ein full turistsesong. Det vert gjort forbetringar på underlaget ved landgangen og ved hovedingangen for å sikre trygg ferdsel, det vil også bli sette opp informasjonsskilt på ulike plassar rundt bygget. Innvendig vert det rigga salslokale som skal selje lokalvarar og utflukter til turistar.

Toaletta vil også få ein oppgradering med ei ny inngangsdør slik at fasilitetane kan nyttast av alle utanfor åpningstidene til Kristianhus, Dette er ei god nyhende for badegjestar og andre som nyttar fritidsområdet langs fjorden!

Vi gledar oss veldig til lokala står klare og vi kan ynskje turistane velkomne med alle dei flotte lokalvarene og tilboda som Vik har å tilby!