Sognacamp får støtte frå Vestland fylkeskommune!

Sognacamp får støtte gjennom ordninga Berekraftig verdiskaping 2025! Vestland fylkeskommune gir oss 580.000,- kroner til gjennomføring og utvikling av Sognacamp, eit tiltak som skal rekruttere unge arbeidstakarar til Sogn gjennom sommarjobbar, nettverk og ei oppleving av regionen som arbeids- og bustadstad.

 

Vi er både stolte og takksame over tilbakemeldingane i vurderinga:

– Prosjektet tek utgangspunkt i eit reelt behov for betre rekruttering av unge arbeidstakarar. Ideen er god og lokalt forankra, og prosjektet rettar seg mot utfordringar som mange regionar i distrikts-Noreg står overfor.

Gjennom Sognacamp får studentar med vikariat i regionen eit rikt program utanom arbeidstid – med alt frå fjellturar og stisykling til festivalar og bading. Målet er at fleire får ei positiv oppleving av Sogn, og kjem attende. Enten som tilsette, gründerar eller innbyggarar.

 

Prosjektleiar Henrik Skyttermoen i Sogn Næring er strålande nøgd:

– Eg er superhappy og stolt! Denne støtta betyr at vi no verkeleg kan realisere Sognacamp slik vi har drøymt om og gi både studentar og bedrifter ei oppleving som kan få ringverknader langt utover sommaren.

Vi takkar Vestland fylkeskommune for tilliten og gler oss til å ta i mot campdeltakarane allereie om nokre få dagar. 

 

Les meir om Sognacamp her, og om tilskotsordninga frå VLFK her

Bård Basberg

Jeg flyttet til Sogndal som student og ble værende ved å skape min egen arbeidsplass. I jobben i Sogn Næring jobber jeg med nettopp dette - fremme regionen, og å få fremtidens gründere til å starte opp i Sogn!

https://sognnaring.no
Neste
Neste

Norges Vels næringsutviklingslegater: Søknadsfrist 10. juni