Støtteordning: Bedriftsinterne opplæringsmidlar (BIO-midlar)
Har bedrifta di behov for ny kunnskap og kompetanse for å gjennomføre omstillingsprosessar? Då kan de få støtte frå Vestland fylkeskommune.
Ordninga gjeld bedrifter som har eit konkret omstililngsprosjekt i tankane. Bedrifter som vil omstille produksjonen eller produkta i ei grønare retning, og bedrifter som inngår i dei nye grne verdikjedene som treng å sette i verk tiltak for å ta ein posisjojn i dei nye marknadane.
Ordninga har løpande søkandsfrist. Maksimal støttessats er 250 000, og 40 000 per deltakar i opplæringa. Det er krav for eigenfinansiering: 30 prosent av totalkostnadar for små bedrifter, 40 prosent for mellomstore bedrifter og 50 prosent for store bedrifter.
Krav til søknaden er at:
- Opplæringstiltaka fremjar grøn omstilling 
- At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve 
- Gjennomføring av tiltaket har ein tidsplan på under 26 veker 
- Opplæringa må vera eit særskilt tiltak - at de innfører noko nytt i verksemda, eller ei "eingongsinvestering" i overføring av kompetanse mellom tilsette 
- Du må ikkje starte opp tiltaket før de får eventuell tilsegn 
- Tiltaket må bidra til FN sine berekraftsmål 
- Og vera i tråd med Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025 
 
                        