Heit Sogndal

 

Gaute Flugheim og Marianne Loftesnes blandt epletrea på Loftesnes.

Marianne Loftesnes og Gaute Flugheim overtok garden på Loftesnes i 2022 og har allereie fått på plass det etterlengta badstovetilbodet i Sogndal. Den gamle Bucher-traktoren frå 1985 har fått eit nytt liv med den norskproduserte badstova montert på lasteplanet.

Marianne er oppvaksen på Loftesnes og har alltid drøymd om å ta over garden. Hovudnæringa på garden er fruktproduksjon, hovudsakeleg epledrift, men grunna lite tilgjengeleg dyrkbar areal såg dei seg nøydde til  å finne på noko anna i tillegg.

-Vi tenkte at badstove var eit godt egna prosjekt for oss med tanke på at vi er lokalisert sentrumsnært og har lett tilgang til fjorden. Vi ligg heilt i enden av fjordstien og nære parken ved Loftesnesbrua, så det er enkelt å koma til oss frå sentrum, fortel Marianne.

Dei har motteke mykje positive tilbakemeldingar sidan dei starta opp og interessa har vore stor.

- Vi har hatt mest turistar på besøk gjennom sommaren, men vi satsar på at enda fleire lokale tar turen no når ferien er over og studentane kjem attende.

Mange av gjestane bur på lokale overnattingsstadar, og har funne tilbodet gjennom eit enkelt google søk.

- Vi har ikkje lagt mykje arbeid i marknadsføring enda. Vi har snakka med nokre lokale overnattingsplassar som Kjørenes Camping slik at gjestane der er klar over tilbodet, men vi har ein plan om å ta runda og snakke med fleire. Så langt har det gått litt av seg sjølv, men vi har planar om å jobbe meir med marknadsføring i framtida, seier Marianne.

I staden for å bygge opp ei eige nettside og bookingsystem har dei vald å samarbeide med Heit.no. Dette var eit samarbeid som har fungert veldig godt i følgje Marianne, og dei har fått mykje god hjelp i oppstartsfasen. Per i dag er badstova eit pop-up konsept, men planen er å få på plass noko permanent.

- Vi ynskjer å vidareutvikle garden og har mange planar, men har ikkje heilt landa på kva retning vi skal gå. Vi tar utviklinga stegvis, men det hadde vert kjekt å knytte epledrifta mot badstova, og kanskje ei enda større satsing mot turistnæringa.

Den gamle Bucher-traktoren frå 1985 har fått eit nytt liv med den norskproduserte badstova montert på lasteplanet.

Dette er Marianne sitt råd til dei som skal starte opp:

- Lytt til magefølelsen og stol på eigne val. Vi har brukt mykje tid på å snakke med mange ulike aktørar og spurt om råd, noko som sjølvsagt er verdifult, men til sjuande og sist må ein stole på at dei vala ein gjer er riktig og berre gjennomføre.

Kva kan Sogn Næring gjere for deg som har ein idè?

Marianne og Gaute tok kontakt med oss i Sogn Næring i 2022 når dei var heilt i startfasen av prosjektet. Har du også med videreforedling av råvarer frå Sogn å gjere, eller utvikling av reiselivsprodukt? Send ein e-post til sigrid@sognnaring.no, så kan eg hjelpe deg i gang. Det kan vere med å konkretisere idèen din gjennom ein forretningsplan, kva du må gjere først når du startar eit AS, merkevarebygging og sende deg i retning av dei riktige støtteordningane.

 
aktueltKaroline Myklebust