Ligg an til travel reiselivsommar i Sogn
“Det dyre landet Noreg er plutseleg rimeleg. Det er gode nyheiter for fjord-fans”, skriv den store tyske avisa Bild denne veka.
– Det ligg an til ein smekk full sommar, fortel direktør i Visit Sognefjord, Heidi Hauge. Dei utanlandske turistane er i stor grad tilbake. Fleire bedrifter merkar framleis på etterdønningar etter pandemien på andre frontar, og det er behov for all slags kompetent arbeidskraft i reiselivet, og spesielt stort er behovet for kompetente reinhaldarar, kokkar og servering.
– Det er avgjerande at vi har dyktige folk i desse rollene, for det heng direkte saman med kvaliteten på produkta vi leverer. Og høg kvalitet gir høgare pris.
– Vi må vise fram jobbmoglegheitene
Søknadstala på reiselivslinjene nasjonalt har fått ein dupp etter pandemien, også ved HVL i Sogndal. Der har 20 personar søkt seg inn på reiselivsleiing årsstudium og bachelorløp, og 19 har natur- og opplevingsbasert reiseliv som førsteval. Lektor ved reiselivslinja på HVL i Sogndal, John Olav Brekke ønskjer å knytte enda tettare band til både næringa, visit-selskapa og vestlandsforsking for å gjere studia enda meir attraktive.
– Vi må jobbe for å vise studentane alle dei spennande jobbmoglegheitene i regionen her. Vi veit at reiselivet vil vekse kraftig, og då treng vi dei unge for å vere med å drive omstillinga til eit berekraftig reiseliv, seier John Olav Brekke, nytilsett ved reiselivslinja på HVL.
Praksis er viktig
Reiselivsdirektøren i Visit Sognefjord oppmodar bedriftene om å vere klare for å ta imot prakiselevar og lærlingar frå utdanningane som finst, for å sikre at dei potensielle jobbkandidatane ser dei gode karrieremogelgheitene som finst i regionen.
– Det er utrulig viktig at vi får studentane i praksis ut i bedriftene. Bedriftene må vere klare til å ta dei imot, for dette er fremtidas folk som skal jobbe hos oss. Studentane kjem inn med kreativitet og oppdatert kunnskap, og er med å driva næringa vidare.
Tips for å rekruttere studentar:
- Ta kontakt med samfunnskontakt ved HVL, Tone Skjerdal (tone.skjerdal@hvl.no) eller prodekan for regional utvikling, Helene Maristuen (helene.maristuen@hvl.no) for å melde interesse for praksisstudentar. Du kan ta kontakt uansett kva bransje de driv i. 
- Delta på HVL sitt bransjetreff for reiselivsnæringa, og studentane si reiselivsmesse ved campus Sogndal. Ypperleg arena for å møte framtidas arbeidskraft. 
- Ver tydelig på kva de kan tilby jobbkandidatar av karrieremoglegheiter i eigne kanalar, og ta gjerne kontakt med Sigrid eller Bård i Sogn Næring om de vil ha tips til merkevarebygging! 
- Kjenner du kreative folk som tykkjer mat er kjekt? Det ferske utdanningstilbodet for vaksne innanfor restaurant- og matfag gir ei unik moglegheit for karriere i reiseliv og restaurantnæring. Plass til fleire til oppstart august 2023! 
