Sogn Næring- kva gjer me?

ettablerar-hjelp

I Sogndal skal det vere lett å starte eiga verksemd. Rammevilkåra for vekst og utvikling ligg godt tilrette. - med mange andre  gründerar samla under same tak på Fosshaugane Campus, tilbyr me eit godt miljø for deg som ynskjer å skape nye arbeidsplassar!

 

FOSSHAUGANE CAMPUS OG NYSKAPANDE FRILUFTSLIV

Pådrivar for å skape synergiar mellom aktørane på Fosshaugane Campus, og stimulere til vidare utvikling.

Katalysator for satsing innan reiseliv og turisme, og bidra til auka lokal verdiskaping.

NETTVERK

Etablere og utvikle nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar.

 

MARKNADSFØRING

Synleggjere kommunene og regionen som attraktiv lokaliseringsstad for verksemder i privat og offentleg sektor.

 

SOGNDAL SOM REGIONSENTER

Stimulere utvikling av handelsnæringa og nye attraktive næringsareal.

 

Prosjekt og tiltak

Selskapet er involvert i m.a. følgjande prosjekt:

  • Næringshageprogram
  • Kompetanseutvikling, utdanning og rekruttering
  • Rekrutteringsprosjekt
  • Gründerkontor
  • Byregionssamarbeidet
  • Kompetansebygging i arbeidslivet - VOX i samarbeid med Folkeuniversitetet.
 
bgg.jpg
 

Etablerarhjelp 

Sogn Næring tilbyr rådgjeving og rettleiing til alle som ønskjer å starte eiga verksemd. Sogn Næring skal yta 1. linje hjelp for nyetableringar og kan blant anna hjelpe deg med generell bedriftsrådgjeving, etablering av forretningsplanar og utfylling av skjema for søknad om oppstartsmidlar.

Via vårt etablerte nettverk kan me og hjelpe deg med å opprette kontakt med andre samarbeidspartnarar og næringsaktørar i regionen.

Sogn Næring tilbyr også etablererar-kontor til ei rimeleg pris på Fosshaugane Campus.

Ta kontakt med oss for meir informasjon eller for å avtale eit møte.

-Sjå også:
Nyttige malar ved etablering

 
 

Retningslinjer for det kommunale næringsfondet  i Sogndal kommune

1. Føremål, støttetypar og kapitalgrenser 

1.1. Føremål 

Målet med det kommunale næringsfondet er å styrke Sogndal kommune sitt lokale næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i dei føresetnadene som kommunen har. 

Næringsfondet skal fremje næringsutviklingsarbeidet gjennom kommunal tilrettelegging og støtte til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder. 

1.2. Støttetypar og kapitalgrensar 

Det kommunale næringsfondet skal i første omgang leggje til rette for og gi støtte til nyetableringar og til dei minste verksemdene. Fondet kan også nyttast til foranalysar og forprosjekt for utvikling av nye forretningsområde og lokalmarknadsbaserte prosjekt i større verksemder. 

Fondet dekkjer i hovudsak tre typar tilskot: 

Investeringstilskot 

Bedriftsutviklingstilskot 

Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur 

Følgjande kapitalgrenser er sette for å leggje til rette for ei arbeidsdeling mellom kommunalt næringsapparat og Innovasjon Norge: 

Investeringstilskot til investeringar i bygg, utstyr og maskinar. Søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr 500.000 blir finansiert gjennom kommunalt næringsfond/kraftfond. 

Bedriftsutviklingstilskot til etablerarstipend, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring. Søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr 100.000 blir finansiert gjennom kommunale næringsfond/kraftfond. 

Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur. Dette gjeld regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser/utgreiingar. Her er det ikkje sett kapitalgrense. 

2. Regelverk, vilkår og prioriteringar 

Punkta 2.1. og 2.2. er basert på Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt tilsegnsbrev datert 28.mars 2009, retningslinjer for bruk av næringsfond gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune gitt i saksprotokoll frå møte 18.mars 2009, og kommunale reglement og føringar gitt i notat frå Sogndal kommune datert 17.august 2009. Tilsegnsbrevet frå fylkeskommunen er å sjå på som overordna dokument. 

2.1. Kommunale retningslinjer for bruk av næringsfondet 

Sogndal kommune har i notat datert 17.august 2009 (etter vedtak i formannskapet 13.august 2009) gitt slike retningslinjer for bruk av næringsfondet: 

1. Sogn Næring AS får ansvar for forvaltning av kommunalt næringsfond. 

2. Næringsfondet skal nyttast i samsvar med nasjonale og fylkeskommunale føringar gjeve i tilsegnsbrev for 551.60 midlane 

3. Næringsfondet skal nyttast til tiltak som har som føremål å fremje næringsutviklinga i kommunen. 

4. Næringsfondet kan nyttast til miljøsertifisering av verksemder, eksempel på sertifiseringsordningar er Miljøfyrtårn, ISO 4001 og EMAS

5. Det er ikkje høve til å nytta midlar frå næringsfondet til verksemder som mottek omfattande overføring over offentlege budsjett. 

6. Fylgjande kriteria skal leggjast til grunn ved løyving av støtte til verksemder/personar frå næringsfondet: 

  •  Leggje til rette for ei miljøvennleg utvikling av lokalsamfunnet 
  •  Prioritere nyetableringar som tilfører produkt og/eller tenester som i dag ikkje finnst i Sogndal eller regionen 
  •  Prioritere kvinner og ungdom 
  •  Prioritere marknadsførings-, utviklings-, og kompetanseoppbyggingstilak 
  •  Tiltak som i kommunale planar eller vedtak er gjeve høg prioritet. 
  •  Prioritere nettverksbygging mellom verksemder 

7. Rettleiande norm for løyving av tilskot er inntil 50% av kapitaltrongen for prioriterte tiltak, inntil 20 % av kapitaltrongen for andre tiltak. 

8. Innvilga løyving av støtte skal stadfestast av eit løyvingsbrev. Løyvingsbrevet skal innehalde informasjon om godkjent tilskotsgrunnlag, kor lenge løyvinga står ved lag og informasjon om klagerett. 

9. Kommunen syter for utbetaling av tilskot. 

2.2. Reglement for fondsstyret 

Sogndal kommune har i notat datert 20.november 2007 gitt slikt reglement for fondsstyret (styret i Sogn Næring AS): 

1. Styret i Sogn Næring AS er fondsstyre og forvaltar kommunalt næringsfond. 

2. Fondsstyret kan delegere mynde til styreformann og/eller dagleg leiar. 

3. Fondsstyret eller dei fondsstyret gjev mynde til er underlagt reglane i forvaltningslova og offentlegheitslova. 

4. Fondsstyret pliktar å rette seg etter Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunale næringsfond, jf. Rundskriv H-16/98 frå Kommunal - og regionaldepartementet, og kommunale retningslinjer for bruk av fondet. 

5. Fondsstyret skal gjera partar merksame på rett til å påklage vedtak, klageorgan er Formannskapet i Sogndal kommune. Klage på vedtak skal sendast om Sogn Næring AS. 

6. Fondsstyret sender årsrapport med oversyn over forvaltninga av fondet innan 20. januar påfylgjande år. 

2.3. Profil og prioriteringar 

2.3.1. Profil 

Fondsstyret (styret i Sogn Næring AS) legg til grunn at det kommunale næringsfondet skal nyttast strategisk (jf. punkt 1.2. over). Målet må vere at vi gjennom fondet stimulerer til: 

  •  Nyskaping i eksisterande eller nye verksemder 
  •  Samarbeid mellom verksemder 
  •  Utvikling som samsvarar med det Sogn Næring og Sogndal kommune har definert som satsingsområde i nærings- og regionsenterutviklinga 
  •  Spesifikk inndekning av kostnadselement som er tunge for alle som skal starte opp, som til dømes marknadsføring, konkrete innsatsfaktorar og produksjonsutstyr. 
  • Fondsstyret bør leggje opp til færre og større tildelingar, slik at midlar frå næringsfondet blir ein utløysande faktor for etableringa. Prioriteringane har ein profil som sikrar at det kommunale næringsfondet kan handtere etableringar som fell utanfor Innovasjon Norge og fylkeskommunen sitt tiltaksapparat (jf. punkt 1.2. over). 
  • Fondet kan tildele midlar til prosjekt i regi av Sogn Næring, som næringsselskapet arbeider med på vegne av kommunen (jf. punkt 1.2. over). 
  • Etableringar, tiltak eller prosjekt tilknytt primærnæringane eller offentleg verksemd, investeringar i mobile driftsmidlar, grunnlagsinvesteringar, tomter, bustader, leasingfinansierte objekt, varekjøp og prosjekt som kan føre til vriding av konkurranse i høve til andre som har om lag same tilbodet, blir ikkje støtta av det kommunale næringsfondet. 

2.3.2. Prioriteringar 

Fondsstyret vil i handsaming av søknader til det kommunale næringsfondet prioritere etableringar, tiltak eller prosjekt i nye eller eksisterande verksemder som: 

  •  tilfører produkt eller tenester som vi i dag må utanfor Sogndal eller dei omkringliggande kommunane (regionen) for å finne. 
  •  er retta inn mot området som Sogn Næring eller Sogndal kommune har gitt prioritet i nærings- og regionsenterutviklinga. 
  •  legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om produkt- og/eller tenesteutvikling. 
  •  legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om tilføring av arbeidsplassar. 
  •  tilfører kompetansearbeidsplassar til Sogndal 
  •  tilfører arbeidsplassar for kvinner og ungdom til Sogndal 
  •  legg til rette for ei miljøvennleg utvikling i lokalsamfunnet 

3. Fristar og handsaming av søknader 

Styret i Sogn Næring er fondsstyre og formannskapet i Sogndal kommune er klageinstans. 

Fondsstyret handsamar søknader til næringsfondet i første styremøte etter desse fristane: 

  •  1.februar 
  •  1.mai 
  •  1.september 
  •  1.november 

Sekretæren for fondsstyret (dagleg leiar for Sogn Næring) kan bestemme at søknader skal leggjast fram for fondsstyret utanom desse fristane. 

4. Søknadsopplysningar 

Søknad om stønad frå det kommunale næringsfondet skal sendast inn på www.regionalforvaltning.no

5. Rapportering og oppfølging 

Retningslinjene under punkt 2.2, underpunkt 6 over, syner at Sogn Næring innan 20.januar påfølgjande år skal rapportere samla bruk av fondet til kommunen. 

For å kunne halde denne fristen, må stønadsmottakarar sende rekneskap som er stadfesta av revisor til Sogn Næring innan 10.januar det påfølgjande år. Dersom stadfesting av revisor ikkje er mogeleg å få på plass innan denne fristen, må stønadsmottakar likevel rapportere om bruk av dei tildelte midlane, samt om når revisorgodkjend rekneskap kan leggjast fram som dokumentasjon. 

 
bgg.jpg
 

Våre eigarar

Sogn Næring er eigd i fellesskap av Sogndal kommune og næringslivet i Sogndal, og er såleis ei felles satsing for å gi arbeidet med næringsutvikling i regionen eit løft. Våre eigarar er:

 
bg-media.png
 

Om oss i media