Har du ein god idé?

Sogn er ein smart plass å starte bedrift. Tilboda er gode og det er mange som ønskjer å hjelpe gode idear. Vår ambisjon er å tilby dei beste føresetnadane for å lukkast som gründer.


 
 

Treng du nokon å drøfte ideen din med, hjelp til forretningsplan, forretningsmodell, eller gjere marknadsanalyse. Eller har du ei liste med spørsmål du ikkje finner svar på, book eit møte med oss for ein uformell prat!

 

Vi får ofte spørsmål om dette:

 
  • Klart det! skriv til oss i chatten eller book eit møte med ein av oss, så hjelper vi deg i gang!

  • Det er fordeler og ulemper med begge. Det enklaste er å starte eit enkeltmannsføretak, det kostar ingenting. Men gjennom eit AS står ein friare til å utvikle selskapet og ein har krav på fleire av dei same rettigheitane som ein har som arbeidstakar.

  • Om du bur i Sogndal kommune har vi pt. ikkje kommunalt næringsfond. Om du bur i Vik, kan du søke om støtte gjennom kraftfondet. Vi kan uansett hjelpe deg å søke om støtte frå andre verkdemiddel, som innovasjon norge.

  • Lag ein plan for kva du vil oppnå, kva produktet ditt er, kva for ressursar du har, kven i nettverket ditt du kan spele på - og book eit møte med oss :) vi har malar og kjenner til kva for prosessar ein bør sette i gong, for å kome fortast og best i gong med selskapet.

  • Ja! vi har gründerplasser på Fus. Les meir om Fus Sogn, og bli medlem i fellesskapet.


Marte i Ember

Ember Logistikk

"Eg knyta kontakt med Sogn Næring under Fjellsportfestivalen i 2017. Dei tilbaud 3 månader gratis kontorplass og oppstarts-stønad om eg fekk tilslag på søknad til næringsfondet. Det fekk eg og Ember Logistikk blei starta. Eg vart fort kjend med nettverket dei har, heilt essensielt for å få i gang dei første oppdraga."

- Marte Nordgård Fossland

Kjetil brygger kaffi

Sognefjorden Kaffibrenneri

"At eg kom inn i miljøet på Campus Sogndal, fekk meg kontorlokalar og rådgjeving var heilt klart avgjerande for at ting skulle «gå vegen» for min del. Eg har fått innvilga økonomisk stønad gjennom Sogn Næring og det har vore uvurderleg ... og så er jo dette kjekke folk også!"

- Kjetil Russenes