Sognefjorden Næringshage

Bedrifter i Næringshagen

Asplan Viak Internet AS

Asplan Viak Internet AS – eller Avinet, i dagligtale – er en konsulentvirksomhet med spesialkompetanse innen nettbaserte kart- og databaseløsninger. De er aktive innen nasjonale og europeiske FoU-prosjekt, og leverer kartbaserte applikasjoner for offentlig sektor, turisme og e-læring.

Besøk nettside

 

Aurland Naturverkstad

Aurland Naturverkstad arbeider med analyse, planlegging og utvikling av landskap, med stort fokus på prosess med medverknad. Dei har kompetanse på arealplanlegging, landskapsforvaltning, biologi, geografi, kulturminne, samfunnsfag/bygdeutvikling og landskapsarkitektur.

Besøk nettside

 

Aurlandskoen

Opplev ekte håndverk og skomakere i arbeid på Aurland Skofabrikk,  som produserer og selger den tradisjonsrike Aurlandskoen. Aurlandskoen har vært produsert sidan 1930-tallet. I sin tid var det 19 ulike skofabrikker i drift i Aurland og 100 personer sysselsatte innen skomakeryrket. I dag er Aurland Skofabrikk den eneste skofabrikken i som produserer den kjente og karakteristiske Aurlandskoen, populært kalt «the original penny loafer».

Besøk nettside

 

Avery Dennison NTP AS

Grunnlaget til Avery Dennison NTP ble lagt for over 30 år siden. Tidligere også kjent som NTP Gandrudbakken og Paxar NTP. I over 25 år har Avery Dennison NTP AS  produsert egenutviklete transfermerker i vår fabrikk, plassert i Gaupne, Luster Kommune. Her har vi utviklet vår teknologi til å bli blant verdens ledende på området, og den er lisensiert ut til produksjon over hele verden.

Besøk nettside

 

Digital Etikett

Digital etikett holder til i flunkende nye lokaler i Gaupne hvor dei produserar etiketter for fleire typer produkter, blant anna innen dagligvare. Digital etikett har hatt ei formidabel utvikling. Det er investert teoretisk 20-21 millioner kroner i nytt fabrikkbygg og effektiv digital teknologi det siste året. Tre år på rad er Digital Etikett utropt til en Gasellebedrift av Dagens Næringsliv.

Besøk nettside

 

Flåm Guideservice

Flåm Guide Service har som mål at dei skal kunna tilby aktivitetar heile året- sommar som vinter, og dei har per 2016 byrja å realisera målsetjinga. I vintersesongen tilbyr dei aktivitetar som vinter-fjordsafari og trugeturar på fjellet, og gjennom vår, sumar og haustsesongen tilbyr dei vanlege fjordsafari-turar, og andre guida opplevingar både til fots, på sykkel og i båt.

Besøk nettside

 

Fretheim Hotell

Fretheim Hotel har utsikt mot fjell og fjord og er ein stad der ein kan sjå, smake, lytte og ta inn over seg storslått natur. Hotellet ligg ved UNESCOs verdsarvområde Nærøyfjorden. Denne fjorden har vore kåra til verdas vakraste reisemål fleire gonger på rad!Hotellet vart reist i sveitserstil på slutten av 1800-talet og har gjennom åra vakse og utvikla seg i takt med aukinga av turistar og reisande på Bergensbana og etter kvart Flåmsbana.

Besøk nettside

 

Gasta Design og Kommunikasjon

Gasta tilbyr strategi-, design- og webtenester til bedrifter og organisasjonar over heile landet. Dei held til på Fosshaugane Campus i Sogndal og forstår kva Stao No Paobetyr betre enn dei fleste. Gasta er fem tilsette med design og kommunikasjon som lidenskap. Dei er også usedvanleg opptekne av resultat. Å arbeide over tid saman med kundar som opplever framgang og suksess gjer arbeidsdagane på Fosshaugane Campus lystbetonte!

Besøk nettside

 

Lærdal Grønt AS

Lærdal Grønt er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Lite nedbør, tidleg vår og godt jordsmonn, gjer dalbotnen i Lærdal svært godt eigna til dyrking av moreller, bær, grønsaker og poteter. Det fremste målet til Lærdal Grønt AS er å ta vare på den gode kvaliteten og smaken heile vegen fram til deg som kunde. Lærdal Grønt har moderne anlegg for mottak, sortering og pakking av moreller, poteter og gulrøter.

Besøk nettside

 

Mariannes kafe og bakeri

Mariannes kafe og bakeri er en kulturkafe i idylliske Aurland, som setter sin stolthet i å servere mat som gjerne er økologisk og kortreist. Dette er stedet du kan spise en nybakt kanelsnurr, nyte en varm espresso og samtidig oppleve kulturelle innslag!

Besøk nettside

 

Ottanes Bygdetun

Otternes Bygdetun ligg i fjellsida midt i UNESCO verdsarv området, mellom Aurland og Flåm. Vitja dei for ein omvising av tunet og dei historiske bygningane kombinert med ein lokal matoppleving, handverksdemonstarsjon eller bestell ein workshop i tradisjonsrikt mathandverk.

Besøk nettside

 

Rocketfarm AS

Rocketfarm AS ble etablert i 2008 som Yast AS, men skiftet navn til Rocketfarm AS i 2012. Rocketfarm AS består i dag av 15 dyktige konsulenter og produktutviklere med faglig spesialkompetanse på robotikk, programmering og konsulenttjenester. Rocketfarm leverer skreddersydde automasjonsløsninger for produksjonsmiljøer mm.

Besøk nettside

 

Rotfesta AS

Rotfesta lager ekte konfekthandverk med rotfeste i det unike fjordlandskapet i Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

Besøk nettside

 

Siri Bøthun Naturforvaltning

Tenester innan naturforvaltning, med hovedtyngd på villreinforvaltning, kartlegging av biologisk mangfald og utarbeiding av skjøtselsplanar.

 

Vangsgården AS

Vangsgaarden Gjestgiveri ligg idyllisk plassert i fjordbygda Aurland, heilt innerst i Sognefjorden. Her har familien Ohnstad-Stigen teke i mot gjester i fleire generasjonar. Dei har teke vare på tradisjonane som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. I deira restaurant kan du smaka mange av dei lokale matvarene som bygda er kjend for. Vangsgården AS tilbyr overnatting, restaurant og eit mangfald av aktivitetar i nærområde.

Besøk nettside

 

Vatnahalsen Høyfjellshotell

Velkommen til fjells – til ein fristad på fjellet – heile året!  Vatnahalsen er eit familie eigd og drevet hotell, og familien Aksnes har lagt ned meir enn 30 år i drifta av hotellet på toppen av Flåmsbana. Familien har skapt ein avslappandes og trivleg atmosfære. Anten ein likar å gå turar på ski eller til fots, drive med jakt og fiske eller rett og slett berre nyta naturen gjennom kameralinsa, er moglegheitene mange på Vatnahalsen.

Besøk nettside

 

Ægir Bryggeri og Flåmsbrygga Hotell

Flåmsbrygga er eit tun ved Aurlandsfjorden som omfattar Flåmsbrygga Hotell med konferansefasiliteter, Ægir Bryggeri & Pub, Flåmstova Restaurant og Furukroa Kafe.

Ægir Bryggeri produserer eit utval av ølsortar for sal både lokal og til vidare distribusjon. Besøk gildehallen i vikingstil med veggar prega av drivved, dragehovud og ein 9 meter høg peis frå golv til tak. Nyt lokalt øl og eit lokalt måltid. Ægir Bryggeri har og starta Ægir Brenneri.

Flåmsbrygga Hotell har 41 rom, 38 med eigen balkong.

Besøk nettside

 

Sognefjord Næringshage avdeling Aurland

har til hensikt å spele ei sentral koordinerande rolle i rekruttering, utvikling og deling av kompetanse innan reiseliv mat, oppleving og landskap. Sesongvariasjonane i reiselivet er ei ekstra utfordring som lyt møtast gjennom samhandling.

Aurland naturverkstad As er likevel eit godt døme på at det let seg gjere.Dei har ved å arbeide systematisk med lokale faglege utfordringar knytta til verneproblematikk, naturforvaltning og regional utvikling utvikla metodar og kunnskap som har ein nasjonal og internasjonal marknad.  Ved å aktivt knytte dette nettverket opp mot det reiselivsretta kompetansearbeidet vil heile Sognefjorden  Næringshage As få del i Aurland Naturverkstad sine erfaringar og forskingsnettverk i inn og utland.

Nærøyfjorden Verdsarvpark bidreg med nettverk overfor det europeiske forskingsnettverket knytta til nettverket av norske regionalparkar www.parknytt.wordpress.com Aurland Rekneskapskontor As er aktiv bidragsytar i bedrfitsutviklingsprosjekt. Aurland Prosjektteneste As er ein viktig ressurs innan profesjonell prosjektleiing. Gjennom arkitekt Jarle Sandvik har vi lavterskel tilgang til kompetanse på arkitektfag, byggeleiing og byggeskikk. Aurland Ressursutvikling As saman med sine datterbedrifter er ei kommersiell drivkraft i Næringshagemiljøet.

Bedriftene har forventningar om å hente ein kompetansegevinst gjennom å delta i næringshagenettverket, ved å nå ut til nye marknader regionalt, nasjonalt og internasjonalt og ved at det blir lettare å rekruttere nye godt kvalifiserte medarbeidarar.

Aktuelle samarbeidspartar.
NCE turisme, reisemålselskapa i regionen,  Kunnskapsparken og Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sognefjord Næringshage avdeling Sogndal:
Anbods og konkurranse situasjonen i dag gjer at selskapa slit med å få store avtalar med dei store kundane. Desse avtalane går i dag til større selskap i sentrale område. Samla kan desse verksemdene levere eit meir samla produkt til kundane med fleire tenester enn i dag.

Måla for IT og teknologimiljøet vil vere:

1. Næringshagen skal gjere at verksemdene kan levere tenester i Norge/ Europa/Verden.
2. Auka samarbeid skal skape nye produkt mellom fleire selskap i Næringshagen.
3. Auka etterspurnad skal skape fleire arbeidsplassar innan kvar verksemd.
4. Leggje til rette for at fleire IT og teknologi selskap skal etablera seg i regionen.
5. Kompetanseheving av dei tilsette i Næringshagen.
6. Konkret sal og marknadsføring av verksemdene i Næringshagen.
7. Auka kundeporteføljar hjå verksemdene i Næringshagen.

Eigarskap

Sognefjord Næringshage  As har 21 private eigarar pluss SIVA
Eigarbedriftene spenner frå små gardsmatbedrifter til Aurland sparebank og tunge reiselivsbedrifter. Eigarbedriftene tek styreansvar
Dagleg leiar i 100% stilling er May Britt Berge Solheim.
Designer Stine Karlsen er f.t. innleigd som leiar for arbeidet opp mot SAKTE alliansen. 
Styreleiar er Ivar Bjarne Underdal.

Sognefjord Næringshage avdeling Sogn Næring AS  er eigd i fellesskap av Sogndal kommune og næringslivet i Sogndal og er såleis ei felles satsing for å gi arbeidet med næringsutvikling i regionen eit løft. Eigarar er: Sogndal kommune, Lerum as, Sogningen Storsenter as, Sogndal Fotball,  Nedrehagen as, Sparebanken Vest, Indre Sogn Sparebank, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogndal Hotell as, Sognatun as, Vestlandshus as, Sogndal Utviklingsselskap as. Dagleg leiar er Per Odd Grevsnes.

Sogn Næring er 2 tilsette og har ansvar for 1.linje tenesta og næringsutviklinga i Sogndal kommune. Denne aktiviteten vil rekneskapsmessig og driftsmessig bli skilt frå Næringshage aktiviteten.

Resultatmål.

Sognefjord Næringshage skal legge til rette for:

Auka verdiskaping i bedriftene.

Ved å koble dei ulike fagmiljøa – økonomi, landskap/kulturlandskap, bygdeutvikling, interpretasjon, produktpakking , marknad/sal , IT og teknologi skal vi oppnå betre produkt, meir sal og betre pris for bedriftene. Samstundes skal kompetansebedriftene sine tilbod bli meir komplette og attraktive både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Det er eit mål å auke verdiskapinga i bedriftene med 10 % årleg over programperioden.

Meirverdi for bedriftene.

Ved at næringshagenettverket knyter saman eit miljø av allsidige produksjonsbedrifter og miljøet av kompetansebedrifter vil begge miljøa spisse kompetansen sin og såleis kunne tilby betre produkt til ein betre pris.

Auke tilgangen til internasjonale marknader.

Samarbeide med NCE turisme, Nærøyfjorden Verdsarvpark og destinasjonsselskap.

Bygging av relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Gjennom samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark delta aktivt i utviklinga av Norske Parkar (regionalparkar).

Bruke aktivt Aurland Naturverkstad sitt forskningsnettverk både internasjonalt og nasjonalt.  På området lokal mat og opplevingsproduksjon skal vi vidareutvikle det nettverket vi har utvikla med Sverige og med Slow Food internasjonal.

Kva er ein Næringshage?

Samlokalisering av verksemder som driv innan kunnskapsintensive næringar. Dette kan td. vere verksemder som driv med IT og telekommunikasjon, men det kan også vere meir tradisjonelt baserte verksemder som har utviklingspotensiale og som har trong for kontakt med, eller integrasjon i eit større kompetansemiljø.

Her er dei som jobbar med Næringshage programmet: fv: Per Odd Grevsnes, Kristine Ohnstad og Rikke Westvig                                            Foto: Lisbeth Bringebøen

Her er dei som jobbar med Næringshage programmet: fv: Per Odd Grevsnes, Kristine Ohnstad og Rikke Westvig                                            Foto: Lisbeth Bringebøen

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway