Kompetansebygging, utvikling og rekruttering

Søknad om midlar til kompetansebygging, utvikling og rekruttering

Prosjektet er avslutta og det er laga ein rapport som er levert til oppdragsgjevar. 

Dei daglege leiarane i Sogn Næring AS, Sunnfjord Næringsutvikling AS og Sunnfjord Næringsråd har over noko tid arbeidd med å utforme ein søknad til INU om midlar for å finansiere eit prosjekt for å styrkje kompetansebygging, utvikling og rekruttering i Sogn og Fjordane. Det er eit klart uttrykt behov for innsats på dette området frå  næringslivet og frå offentleg sektor som er bakgrunnen for at arbeidet er sett i gang.

Prosjektet er eit felles opplegg for dei tre nemnde selskapa som har forretningsadresse i høvesvis Sogndal, Førde og Florø. Søknaden er forankra i styra for Sogn  Næring AS, Sunnfjord Næringsutvikling AS og Sunnfjord Næringsråd.

Formål

Formålet med prosjektet er å leggje grunnlaget for at privat næringsliv og offentleg sektor i Sogn og Fjordane kan skaffe seg tilstrekkeleg fagutdanna personell. Dessutan er siktemålet å medverke til at etterutdanning kan skje og at sertifisering av tilsett personale kan gjennomførast. Prosjektet skal gi ein omfattande analyse av situasjonen på arbeidsmarknaden og skissere tiltak for å skaffe nødvendig rekruttering og styrkje kompetansen i arbeids- og næringslivet.

Bakgrunn

Det har komme innspel og vurderingar frå bransjeforeiningar, opplæringskontor, kommunale styresmakter og næringsorganisasjonar som har peikt på behovet for å setje inn tiltak for å motverke den krevjande utfordringa som ein står overfor: Det er ein stor mangel på kvalifisert arbeidskraft innanfor fleire fagområde allereie. Behovet vil bli vesentleg forsterka i åra som ligg framfor oss. Derfor må effektive tiltak setjast inn. Tiltaka må vere utarbeidde på grunnlag av ein klar og aktuell analyse av situasjonen på arbeidsmarknaden.

Prosjektet er eit eksempel på korleis ein ved felles innsats og målsetjing om effektiv bruk av midlar kan få fram prosjekt som er av felles interesse. Vi ser på dette som eit opplegg som bør stimulere til å leggje meir vekt på samarbeidsløysingar slik at midlar kan brukast til beste for mange partar i fylket vårt.

Vi meiner at Sogndal, Førde og Flora er i ei særstilling i forhold til tildeling av INU-midlar. Dette faktumet bør styrkje denne arbeidsforma.

Dessutan ser vi at det kan vere behov for å etablere sterke prosjektorganisasjonar. I sin tur kan det vere ein fordel for kvalitetssikringa og leggje grunnlaget for at bruken av midlar skjer i samsvar med regelverket.

Elles viser vi til INUs handlingsplan for 2011-2013 der det i kapittelet om strategi og prioriteringar heiter: ”INU-midlane skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd.”  Prosjektet som vi søkjer om midlar til, stettar til fulle desse krava.

Føresetnader

I det følgjande blir det gjort greie for ein del moment som er viktige føresetnader for søknaden om finansiell støtte frå INU:

Pensjon

  • Det var store fødselskull her i landet dei første åra etter den andre verdskrigen. Personar fødde i 1946 blir 65 år i 2011. Etter kvart som desse kulla trappar ned yrkesaktiviteten sin eller forlèt arbeidslivet, vil det bli krevjande å rekruttere ny arbeidskraft. Dette vil kunne ha store følgjer for aktiviteten i og konkurransekrafta til næringslivet.

Ungdomskull

Materiale utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune viser at det vil bli ein markert reduksjon i ungdomskulla dei kommande åra:

  • I 2018 vil det vere 620 færre søkjarar til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane enn det var i 2010. Nedgangen vil vere på 15 pst. samla for vidaregåande opplæring.
  • I 2024 vil nedgangen vere ytterlegare forsterka. Ein reknar med 1.027 færre søkjarar til vidaregåande opplæring enn i 2010. Reduksjonen blir 24 pst. samla for vidaregåande opplæring.
  • Den demografiske utviklinga vil ha konsekvensar for alle dei vidaregåande skulane i fylket.

Lågare ungdomskull i åra som kjem, svekkjer grunnlaget for rekruttering til arbeidsmarknaden.

Lærlingplassar

  • Det er for tida stor mangel på lærlingar i tradisjonelle industrifag, f. eks.

kjemi- og prosessfaget, platearbeidarfaget, industrirørleggjarfaget og betongfaget.

Problema er særleg markerte innanfor betongfaget, murarfaget og tømrarfaget. Den same tendensen finn ein òg nasjonalt.

  • Bygg- og anleggsbransjen er svært uroleg for rekrutteringa i tida som kjem.
  • I kommande år vil det vere stort behov for ny arbeidskraft innanfor anleggs- og bergfaga.
  • Innanfor transport- og terminalfag har ein vanskar med å skaffe nok lærlingar. Dei nærmaste åra blir det stort behov for ny arbeidskraft innanfor transportsektoren, spesielt gjeld det busstransport.
  • Bilbransjen har generelt god tilgang på lærlingar i Sogn og Fjordane. Unntak gjeld for fagområda bilskade og lakkering.
  • Innanfor fiskeri- og havbrukssektoren er det mangel på lærlingar innanfor nokre av fagområda.
  • Det blir meldt om eit svært stort behov for personell innanfor sals- og tryggleiksfag.
  • I offentleg sektor er det svært stor mangel på lærlingar i helsearbeidarfaget. Dette faget erstattar det tidlegare hjelpepleiarfaget og omsorgsarbeidarfaget. Ein stor del av elevane som har avslutta det andre året i vidaregåande opplæring, ønskjer å skaffe seg studiekompetanse ved å ta eit tredje år på vidaregåande skule. Andre vel vekk læreplass som alternativ. Rekrutteringa til fagarbeidarstillingane blir dermed skadelidande.

Tidsplan

Vi har utarbeidd ein tidsplan for prosjektet. Den er skissert i forenkla form i den nedanståande figuren.

I den framlagde tidsplanen er det berre sett på dei generelle hovudtrekka i  prosessen. Innhald i dei omtalte tidsperiodane skal gjennomførast i samsvar med plankrava. Vi ser det likevel som viktigast at innhaldet i sjølve prosjektet og gjennomføringsplanen for dette er det som blir lagt mest vekt på. Elles viser vi til omtale av sjølve prosjektinnhaldet andre stader i søknaden.

Forprosjekt

Ein tenkjer seg eit forprosjekt som skal gjere grundig undersøking rundt grunnlaget for og føresetnadene rundt prosjektsøknaden. Det må gjerast ein marknadsanalyse slik at ein får klarlagt kva for behov for arbeidskraft som finst innanfor næringslivet i fylket. Målet må dessutan vere at forprosjektet skal skissere kva som trengst av ulik kompetanse dei påfølgjande åra, iallfall fram til 2020. I dette arbeidet må det takast omsyn til nye behov for arbeidskraft som vil melde seg, og kva for kompetansekrav ein truleg vil møte. Forprosjektet er stipulert til seks månader og er tenkt gjennomført i

første halvår i 2012. I siste del av forprosjektet blir det utarbeidd ein delrapport. Forprosjektet er tenkt gjennomført for å etablere eit solid grunnlag for hovudprosjektet.

Hovudprosjekt

Hovudprosjektet skal konsentrere seg særleg om to aspekt: Analyse av behov i bransjar og arbeidsmarknad og utarbeiding av tiltak som må setjast i verk for å skaffe rekruttering og sikre kompetent arbeidskraft til privat og offentleg sektor. Det er utforming av tiltak som vil vere den mest tidkrevjande delen av arbeidet. Dialogen  med partane i arbeidslivet både i privat og offentleg sektor vil bli sentral i denne samanhengen.

Ein hovudrapport blir utarbeidd som avsluttande del av prosjektet. Hovudprosjektet skal til saman ta 18 månader, frå 1.1.2013 til 30.6.2014. Tidsplanen for hovudprosjektet skal gjennomførast som følgjer:

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway