Ledig stilling - prosjektleiar


Sogn Næring AS driv utviklingsarbeid for lokalt og regionalt næringsliv, og jobbar med bistand til nyetablerarar såvel som etablerte verksemder. Verksemda held til på Fosshaugane Campus. Selskapet er no i posisjon til å få auka oppdragsmengde då dei tre kommunane  Luster, Leikanger og Sogndal har gått saman om å søke om eit 3-årig fellesprosjekt i byregionprogrammet (2015-2018). Løyvinga vil vere klar i løpet av sommaren.  Du kan lese meir om byregionsprogrammet her.

Me ynskjer at du: 
• har god kjennskap til lokalt næringsliv, lokalpolitikk,  samt offentlege utviklingsaktørar
• har erfaring frå prosjektarbeid
• er utviklingsorientert, uredd og målretta
• er strukturert og har gode samarbeidsevner
• utdanning på masternivå eller tilsvarande

Me tilbyr: 
• varierte og utfordrande oppgåver kor du vil vere i kontakt med både privat næringsliv, offentleg forvaltning og politikarar.
• kontorfellesskap i eit spanande utviklings- og innovasjonsmiljø
• løn etter avtale.

For nærmare informasjon kan de kontakte dagleg leiar Per Odd Grevsnes tlf. 416 37034.

Søknad og CV kan sendast på e-post til: per-odd@sognnaring.no

Søknadsfrist snarast og innan 14. juni  2015