Sogndal kommune: Vertskap for offentlege arbeidsplassar

Prosjektstart:

2017

Vår rolle:

Prosjektleiar

Om prosjektet:

På oppdrag frå rådmennene i Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal har Sogn Næring utvikla ein rapport. Rapporten er ført i pennen av Oddvar Flæte og Jostein Fondenes.

Rapporten skal:

  • Synleggjere sterke sider ved dei offentlege fagmiljøa i nye Sogndal kommune og kva moglegheitsrom som ligg i desse.

  • Kartlegge verksemdene sine ønskje og behov relatert til kommunen si rolle som vertskommune, samfunns- og næringsutviklar.

  • Drøfte og fastslå rolledeling og dialogfora mellom vertskommunen og dei offentlege leiarane.

  • Utvikle mål og strategi saman med dei offentlege leiarane for vertskommunepolitikk og utvikling av offentlege fagmiljø.

  • Bidra til utvikling av nye statlege og regionale arbeidsplassar.

Vi har intervjua 16 leiarar, særleg i det offentlege fagmiljøet, for å få fram tankar kring status, forventa og ønska utvikling. Vi har også lagt inn regjeringa sine føresetnader ved lokalisering av statlege arbeidsplassar.

Gasta Design