Rekruttering tilflyttarar

Vi har hatt rekrutteringsarangement under Fjellsportfestivalen to år på rad.

Her har vi ønskja å treffe potenielle tilflyttarar og andre som er interesserte i næringslivet i regionen. Det har vore ein uformell møteplass, der næringslivet i Sogn har presentert seg, og interesserte har fått presentere seg og ideen eller interessene sine.

I 2018 oppsummerte vi arrangementet slik:

Vi har hatt ei flott helg på Fjellsportfestivalen der vi, saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Balestrand kommune, nytta høvet til å bruke festivalen også som eit treffpunkt mellom næringsliv og potensielle tilflyttarar og andre som er interesserte i næringslivet i regionen.

Vi var omlag 50 personar samla, og starta arrangementet med 16 bedriftspresentasjonar på 5 minuttar kvar, og deretter halvanna time med uformell mingling med enkel tapas. Både næringsliv og deltakarar var godt nøgde med møteplassen - og til neste år ynskjer vi oss enno fleire påmeldte festivaldeltakarar!

Tusen takk til alle som deltok på arrangementet: 

Highsoft, Drople, PwC, Direktoratet for forvaltning og ikt - Difi, Rocketfarm, Falkeblikk Film Production, Deloitte, Norconsult, Sognenett, Driftig i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jatak AS, Wyssen Avalanche Control, Sognefjord Kaffibrenneri, Arkitektkontoret 4B, Porten.no, Nlink As.

I 2017 arrangerte vi ein konkurranse saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, der dei som pitcha fram ideen sin på beste måte, vann gründerhjelp og startpakke. Dette vart starten for gründerbedrifta Sognefjord Kaffibrenneri.

Gasta Design