Næringsutvikling i nye Sogndal kommune

Prosjektstart:

2017

Vår rolle:

Prosjektleiar

Om prosjektet:

Kommunane ønskjer eit offensiv og robust næringsapparat som skal utvikle næringslivet i den nye kommunen og målsetjinga med prosjektet er å gje næringssatsinga i den nye kommunen ei god organisering og gode føresetnader, rammevilkår og ei brei forankring.

Rådmennene i Sogndal-, Leikanger- og Balestrand kommune bestilte ei utgreiing som skisserer vegen mot 01.01.2020 og organisering av næringsarbeidet i nye Sogndal kommune.

Rapporten gjev i tillegg eit oversyn over:

  • Eksisterande næringsstruktur

  • Eksisterande kommunale planverk

  • Det pågåande kommunale næringsarbeidet

  • Verkemiddelapparatet sitt arbeid

Rapporten syner kva ressursar kommunane har nytta på næringsutvikling dei siste åra, og korleis næringsarbeidet er knytt til nærliggande område som landbruk, bustadutvikling, rekruttering, reiseliv og eventuelt anna som ofte naturleg fell under ein næringsmedarbeidar sitt ansvarsfelt.

Gasta Design