Byregionprogrammet

Sogn Næring har vore prosjektleiar i begge fasane av Byregionprogrammet. Dette er er eit utviklingsprogram som skal auke kunnskapen om korleis by og omland jobbar saman og styrke regional vekstkraft. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bidreg med midlar.

Luster, Leikanger og Sogndal starta prosjektet i 2014, og har no sluttrapportert fase 2 av programmet. Løyvinga frå denne fasen på 1,7 millionar kroner er no utbetalt til Sogn Næring via Sogndal kommune, og pengane har gått til ulike prosjekt og tiltak som gründer- og tilflyttar arrangement, arbeid med sykkelløyper, plansamlingar og kjøp av utgreiingar om offentlege arbeidsplassar.

LES: Byregionprogrammet for Luster, Leikanger og Sogndal, kort summert

Gasta Design