Kva gjer vi?

Sogn Næring ønskjer å gi næringsutvikling i regionen vår eit løft. Her er våre fokusområde i korte trekk:

 

sogndal.jpg

Næringsutvikling i Sogndal

Vi driv næringsutvikling på vegne av Sogndal kommune, med fokus på:

  • Utvikle næringsklynge på Campus Sogndal.

  • Utvikle Sogndalsdalen for hyttebygging og senter for vintersport.

  • Vidareutvikle industrifeltet på Kaupanger.

Vi er òg førstelinjeteneste i kommunen, med tilbod om gründer- og bedriftsrettleiing. Vi forvaltar kommunalt næringsfond for Sogndal og Leikanger, har sekretariat i Eigargruppa Campus Sogndal, er bedriftskontakt, og driv nettverksarbeid og prosjektaktivitet.


leikanger-kommune-havard-nesbø.jpg

Næringsutvikling i Leikanger

Vi driv næringsutvikling på vegne av Leikanger kommune, med fokus på:

  • Oppretthalde og vidareutvikle offentlege arbeidsplassar.

  • Styrke eksisterande næringar, leggje til rette for nye og vere eit godt vertskap.

Vi er òg førstelinjeteneste i kommunen, med tilbod om gründer- og bedriftsrettleiing. Vi forvaltar kommunalt næringsfond for Sogndal og Leikanger, tilbyr bedriftskontakt, og driv nettverksarbeid og prosjektaktivitet.


strategi.jpg

Næringshageprogrammet

Vi opererer SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage. Programmet er retta mot etablert næringsliv. Målet er å gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst, ved å kople saman gode kompetansemiljø.

Som ein del av SIVA sitt landsdekkande nettverk, legges det til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv.

Sognefjorden Næringshage har i dag over 20 målbedrifter frå Sogn.


hodlekve.jpg

Utvikling etablert næringsliv

Bedriftene på industrifeltet på Kaupanger, næringsmiddelbedrifter, utviklinga rundt Hodlekve skisenter, handelsnæringa, reiselivet, utdanning og tenesteytande bedrifter er alle viktige næringar for Leikanger og Sogndal. I desse næringane er det stort potensiale for utvikling, og Sogn Næring er inne i både bedriftsspesifikke prosjekt, så vel som generell tilretteleggging rundt desse.


Grunderkontoret_Campus_1509.jpg

Gründerhjelp

Sogn Næring tilbyr rådgjevning til deg som er i oppstartsfasen. I 2017 hadde vi 37 gründermøter med personar som ønskja rådgjeving. Fleire av desse fekk tilskot av næringsfondet for å kome i gong.

Vi eig FUS Sogn saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, eit kontorfellesskap med tilbod om arbeidsplass, nettverk og fagleg påfyll.


sogn-næring-kontorbilde-2.jpg

Kommunalt næringsfond

Leikanger kommune og Sogndal kommune nyttar om lag 1,5 millionar til næringsutvikling kvart år. Det kommunale næringsfondet vert nytta til tiltak som fremjer næringsutviklingsarbeidet i kommunane, tilrettelegging og støtte til nyetableringer og dei minste bedriftene, forstudie og forprosjekt, utvikling av nye forretningsområde og lokalbaserte prosjekt i større bedrifter.

I 2017 var vi i møte med heile 37 ulike gründerar og personar i tidleg oppstartfase, som ville ha bedriftsrådgjeving. Fleire av desse fekk tilskot av næringsfondet for å kome i gong med bedrifta si.


Fosshaugane-campus-skilt.jpg

Sekretariat Eigargruppa Campus Sogndal

Vi er sekretartat for eigargruppa Campus Sogndal, på vegne av Sogndal kommune. Gruppa vart etablert i 2004 og er aktørane bak utviklinga sitt felles fora. Gruppa har medlemmar frå:

  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune/Sogndal vidaregåande skule

  • Sogndal Fotball/Sognahallen

  • Høgskulen på Vestlandet/Statsbygg/Saman

  • Sogndal kommune

Fokus er overordna strategiar og felles utfordringar og tiltak, i tillegg til å vere eit viktig diskusjonsfora for aktuelle saker.


sogndal-næringsforening.jpg

Sekretariat Sogndal Næringsforening

Sogndal Næringsforening er næringslivet sin eigen interesseorganisasjon og skal fremje næringslivet sine interesser og sikre at regionen har dei kvalitetane som gjer at folk ønsker å leve og bu i Sogndal.

Sogn Næring bidro til skipinga og legg til rette for drift av foreininga med administrative ressursar.


servicenettverk.jpg

Arrangement

Eit viktig fellestiltak for Sogn Næring er å skape faglege fora for næringslivet. Vi initierer og gjennomfører arrangement og eventer, særleg i samarbeid med andre aktørar.


Sogndal, Sogndal Lufthavn Haukåsen - flyplassbelysning - 20170925-297.jpg

Flyplass

Flytilbodet på Sogndal Lufthamn Haukåsen er kritisk infrastruktur for både næringslivet og dei offentlege arbeidsplassane i Sogn. Sogn Næring koordinerer infrastrukturtiltak (til dømes hangar) og informasjonstiltak rundt flyplassen for å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet rundt flyplasssen.


Nettverk, kopling og kompetanse

Vi har god oversikt over næringslivet i vår region og ønskjer å kople ulike aktørar med kvarandre. Vi vil bidrege til kompetansedeling ved å vidareformidle riktige kontaktar og utfyllande kunnskap med kvarandre. Ønskjer du til dømes å kjøpe kurs, finne fagkunnskap eller rette personar, skal vi hjelpe deg med det.

Om du ønskjer kunnskap om noko vi ikkje kan svare deg på, har vi eit ansvar for å hjelpe deg å finne svaret.


nye sogndal.png

Organisering – framtidige strukturer

Det er store endringsprosessar i offentleg sektor, endringar som kjem godt fram i rapporten Samfunnseffektar av endringar i fylkeskommune og regional statsforvaltning, utvikla av Sogn Næring.

Næringsarbeidet i nye Sogndal kommune skal òg utviklast, og det skal lages strategiar. På oppdrag frå rådmennene i Balestrand, Leikanger og Sogndal har vi utvikla rapporten Næringsarbeid i nye Sogndal kommune.


offenteleg-arbeidsplassar.jpg

Offentlege arbeidsplassar

2100 personar i nye Sogndal kommune arbeider i statlege eller fylkeskommunale verksemder. Det utgjer nær 1/3 del av sysselsetjinga. Veksten i offentleg sektor har det siste 10-året vore langt større enn i den private. I Luster er det 252 personar (13%) som arbeider i statlege eller fylkeskommunale verksemder.

På vegne av vertskommunane vil Sogn Næring vere medspelar med aktørane for å:

  • sikre eksisterande arbeidsplassar

  • utvikle nye arbeidsplassar

  • utvikle samhandling mellom kommunen og offentlege verksemder

  • utvikle mål og strategiar

Vinteren 2018 leverte Sogn Næring rapporten Sogndal kommune - Vertskapskommune for offentlege arbeidsplassar.


reiseliv.jpg

Reiseliv

Reiselivet er viktig næring i Sogn, og gjennom eigarskap i destinasjonsselskapet Visit Sognefjord skal vi være medspelar for utvikling i bransjen.


kompetanseheving.jpg

Kompetansetiltak

Vi arrangerer både foredrag og studieturar for å tilby kompetanseheving i vårt distrikt. Til dømes har FUS Sogndal lunsjpresentasjonar jamleg, vi held lovpålagte HMS-kurs og arrangerer studieturar. Dette vert gjort etter at næringslivet sjølv har meldt inn dette som eit behov.

Veit du om tema der det er behov for meir kunnskap? Kurs?  


IMG_1070.JPG

Bedriftsbesøk

Vi ønskjer å besøke bedrifter for å bli betre kjent og sjå kva vi kan hjelpe til med. Har dei utfordringar, ønskjer vi å kople på riktige aktørar og gi tilgang til relevant nettverk. Dette er ein viktig del av arbeidet vi gjer, og vi tek imot invitasjonar fortløpande.

Vi ønskjer å vere ein koplar og la riktige personar møtast for å lære av kvarandre.


Sogndal kommune av Håvard Nesbø

Profilbygging

Vi ønskjer å synleggjere kommunar og region som ein attraktiv lokaliseringsstad for verksemder i privat og offentleg sektor. Vi har samarbeid, med og utan partnarskap, i både idrett, organisasjonar og festivalar.  


bratt moro.png

Nyskapande friluftsliv

Dette er eit satsingsområde frå Sogndal kommune. Nyskapande friluftsliv er viktig for kommunen vår, der vi alle bygger opp rundt denne visjonen. Vi har bidrege i prosessar i Hodlekve, på Dampskipkaia, rundt Fjellsportfestivalen og for ulike oppstartsbedrifter innan reiselivet.