Kommunalt næringsfond


Fond og finansiering

Sogn Næring har ansvar for forvaltning av Sogndal kommune sitt næringsfond. 

Næringsfondet skal nyttast i samsvar med nasjonale og fylkeskommunale føringar og  til tiltak som har som føremål å fremje næringsutviklinga i kommunen. Det er ikkje høve til å nytta midlar frå næringsfondet til verksemder som mottek omfattande overføring over offentlege budsjett. 

Styret i Sogn Næring er fondsstyre og formannskapet i Sogndal kommune er klageinstans.

Fondsstyret handsamar søknader til næringsfondet i første styremøte etter desse fristane:

  • 1.februar
  • 1.mai
  • 1.september
  • 1.november

Søknad skal sendast til www.regionalforvaltning.no

Fondsstyret vil i handsaming av søknader til det kommunale næringsfondet prioritere etableringar, tiltak eller prosjekt som:

  • tilfører produkt eller tenester som vi idag må utanfor Sogndal eller dei omkringliggande kommunane (regionen) for å finne
  • er retta inn mot område som Sogn Næring eller Sogndal kommune har gitt prioritet i nærings- og regionsenterutviklinga
  • legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om produkt og/eller tenesteutvikling
  • legg til rette for samarbeid mellom to eller fleire verksemder i kommunen om tilføring av arbeidsplassar
  • tilfører kompetansearbeidsplassar til Sogndal
  • tilfører arbeidsplassar for kvinner og ungdom til Sogndal
  • legg til rette for miljøvennleg utvikling i lokalsamfunnet 

Innvilga løyving av støtte skal stadfestast av eit løyvingsbrev.
Kommunen syter for utbetaling av løyvd tilskot.

Linkar

 Retningslinjer for det kommunale næringsfondet

 Søknad til det kommunale næringsfondet