Handlingsplan Sogn Næring as


1. Bakgrunn og føringar

Selskapet rullerer strategiplanen kvar tredje år.  I arbeidet med strategien har leiinga i selskapet gjennomført møter med ulike aktørar[1]. Gjennom desse møta har det kome fram mange nyttige innspel, som me har teke med vidare. Denne handlingsplanen oppsummerer såleis dei prioriterte handlingspunkta i strategiarbeidet.

2. Selskapet sine rammer

Kommuneplanen til Sogndal kommune legg føringar for felles satsingar i kommunen. Dermed legg denne også føringar for arbeidet i selskapet.

Selskapet er lokalisert i Sogndal og har p.t. Sogndal som sitt primære verkeområde, men skal også ta omsyn til heile regionen sine behov for utvikling av eit sterkt og funksjonelt regionsenter.

Aksjonæravtalen gir i sju punkt rammene for selskapet:
1.    Etablererrettleiing
2.    Etablere og halde vedlike nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar
3.    Kompetanse om og kontakt med det regionale og statlege næringsapparatet
4.    Vertskap for inkubator.
5.    I samråd med kommunen ta del i større utviklingsprosjekt
6.    Marknadsføring av kommunen og regionen som lokaliseringsstad for verksemder/arbeidsplassar.
7.    Handsame søknader til det kommunale næringsfondet.
 

 3. Prioriterte områder for selskapet

 1.    Førstelinjetjeneste

Etablererrettleiinga
Etablererrettleiinga tek ein god del resursar i frå basisfinansieringa i selskapet. Det er eit mål at selskapet skal ha god kompetanse på dette fagfeltet. Det er eit mål at potensielle gründerar skal føle seg serleg velkomne til vår region. Det skal jobbast aktivt med marknadsføring mot denne gruppa.

Kompetanse om og kontakt med det regionale og statlege næringsapparatet
Selskapet skal ha god kontakt med dei andre hjelparane innafor næringsapparatet. I dette ligg det mellom anna at dei tilsette skal delta på kurs og gjennomføre kompetansehevingstiltak når fylkeskommuna eller Innovasjon Norge arrangerer.

Vertskap for inkubator.
I nært samarbeid med Kunnskapsparken skal me løyse inkubatoroppdraget for SIVA. Me deltek på samlingar for inkubatorane og deltek i arbeidet med å kvalifisere nye inkubatorverksemder.

Handsame søknader til det kommunale næringsfondet. 
Selskapet handsamar søknadar til det kommunale næringsfondet på oppdrag frå formannskapet. Likeeins har selskapet ansvar for rapportering til fylkeskommuna på bruken av fondet. I 2013 var fondet på kr. 1 187 000,- Det er varsla ein betydelig reduksjon i 2014.


2.    Etablere og utvikle nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar

Nettverk
Sogn Næring skal arrangere og utvikle ulike møte og nettverksarena gjennom året. Kvart år skal det lagast ein aktivitetsplan med faste møtepunkt. I tillegg skal selskapet vere på tilbodssida dersom eigarane ynskjer ulike temabaserte samlingar.

Samarbeid over kommunegrenser
Selskapet skal samarbeide over kommunegrenser både innanfor det kommunale området så vel som mellom næringane. Næringsnettverket til Sogn regionråd, NHO konferansen og andre evt. fylkesdekkande samlingar er døme på arena der selskapet skal bidra. Selskapet skal vere på tilbodsida dersom nabokommunane ynskjer å kjøpe rådgjevingstenester.

Sogndal – Førde – Florø aksen
Selskapet skal søke samarbeid mot næringsaktørane i denne regionen. Eit styrka samarbeid gir oss muligheiter til å bli ein premissleverandør for offentleg debatt på viktige utviklingssaker for fylket.


3.    Selskapet skal ta del i større utviklingsprosjekt

I denne perioden er det to prosjekt som skal ha fokus.

Vidareutvikling av Fosshaugane Campus
Me skal vere ein pådrivar for å skape synergiar ut av samarbeidet mellom aktørane på Campus. Samarbeid på tvers vil kunne gi meir verdiskapning. Sogn Næring skal heiletida jakte på nye idear som kan gi større verdi for aktørane på Campus.  Dei små verksemdene er spreidde over store deler av bygningsmassen. Målet er å få samla mange av desse verksemdene vegg i vegg.

Nyskapande friluftsliv.
Sogndal kommune vektlegg dette arbeidet i kommuneplanen. Sogn Næring skal ha fokus på denne bransjen, og det skal det vere eit særleg fokus på satsinga i Hodlekve. Satsinga i Hodlekve er ei viktig satsing innanfor reiseliv og turisme som også vil gi positive ringverknader for handel og næringsliv i regionen. Framover kan det vere  aktuelt å jobbe med synergiane som utbygginga kan opne for, retta mot anna næringsliv i regionen. Sogn Næring kan vere katalysatoren som gjennom nettverket kan skape meir lokal verdiskaping som følgje at utbygginga i Sogndalsdalen.

Vidare ligg tilhøva godt til rette for vidare satsing på aktivitetsbasert reiselivssatsing. Her kan Sogn Næring spele ei viktig rolle i samarbeid med potensielle gründerar i høve etablering av aktivitetsverksemder og nettverksbygging rundt desse. Like viktig kan det vere og knytte nettverk rundt eksisterande verksemder og syte for at dei får høve til å konkurrere om tenester i denne marknaden.


4.    Marknadsføring av kommunen og regionen som lokaliseringsstad for verksemder/arbeidsplassar.

Offentlege arbeidsplassar er særleg viktige for vår region. Det handlar om å sikre eksisterande og legge til rette for nye. Like viktig er det å legge til rette for private som ynskjer å lokalisere seg i regionen. Her må ein samarbeide med andre, slik at ein får større effekt ut av innsatsen. Når det gjeld destinasjonsarbeidet retta mot turistnæringa  er dette eit arbeid som no skal løysast av Visit Sognefjorden,  der Sogn Næring er ein stor eigar.


5.    Utvikling av Sogndal som regionsenter

Handelsnæringa
Handel er viktig for Sogndal. Selskapet skal vere på tilbodssida når det gjeld kompetanseheving og facilitering med mål om at me stadig skal kunne utvikle service nivået i næringa.  Gjennom eit samarbeid med VOX vil Sogn Næring kunne tilby basiskompetanse opplæring til tilsette i handelsnæringa.

Sognefjorden Næringshage
Selskapet har ei samarbeidsavtale med Sognefjorden Næringshage om å hjelpe verksemder som skriv målbedriftsavtale med næringshagen.  Næringshagearbeidet vil vere eit satsingsområde for selskapet i denne perioden.

Attraktive Næringsareal
Selskapet skal vere eit kontaktpunkt for verksemder som ynskjer å ekspandere eller å flytte til vår region. Selskapet skal samarbeide med aktørar som kan bidra positivt til dette. Det er eit mål at industriområdet på Kaupanger skal bli regionens mest attraktive areal for arealkrevande næringar.

 

[1] Møter med formannskap, frukostmøte med aktivitesverksemder, Luster kommune, Leikanger kommune, Aurland kommune, styreleiar i SNH, Kaupanger Industriforeining, Sunnfjord Næringsutvikling, AMFI / Handelsforeinga / Opplev Fjøra, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, eigarmøte, møter med tilsette.