Treng du penger til idéen din?

Leikanger og Sogndal kommune nyttar om lag 1,5 millionar til næringsutvikling kvart år. Har du eit godt prosjekt, er kanskje næringsfondet ein god start for deg. Har du spørsmål, må du gjerne kontakte oss.

Det kommunale næringsfondet vert nytta til: 

  • Tiltak som fremjer næringsutviklingsarbeidet i kommunane.
  • Tilrettelegging og støtte til nyetableringer og dei minste bedriftene.
  • Forstudie og forprosjekt, utvikling av nye forretningsområde og lokalbaserte prosjekt i større bedrifter.
 
 

Finansieringskjelder

Det finst ei rekke finansieringskjelder utanom regionalt nøringsfond. Til dømes Innovasjon Noreg, Siva, lokal bank, Fylkeskommunen og forskingsråd. Vi guider deg gjerne i denne jungelen, og hjelper deg med å skrive søknadar.


Stønadsvilkår og prioritering

  • Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå kommunale næringsfond.
  • Det er eit krav at tilskot frå næringsfondet skal ha ein utløysande effekt og at tiltaket ikkje skal vere sett i gong før søknaden er handsama. Tilskot skal bidra til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod.
  • Prosjekt for nyetableringar der støtte er avgjerande for realisering har høg prioritet. Det same gjeld prosjekt som har klart utviklingsarta preg. Desse blir prioritert framfor prosjekt som vedlikehald og utskifting av eksisterande etableringar.
  • Søkjar bør vere busett i søkjarkommune og verksemda skal vere registrert i den kommunen som ein søkjer stønad frå.
  • Næringsfondet kan ikkje gje stønad til bygg, gjeldssanering og driftstilskot til verksemder. Det er hekker ikkje mogeleg å få støtte frå kommunalt næringsfond dersom det kan medfører konkurransevriding mellom verksemder.
  • Det er ikkje lovleg å gje støtte frå næringsfondet dersom prosjektet også skal få støtte av andre offentlege instansar, såkalla samfinansiering.
  • Stønad frå det kommunale næringsfondet blir gitt i form av tilskot. Næringsfondet har ikkje høve til å gje lån.

 


Kva kan du få penger til?

 

Tilskotstype


Bedriftsutvikling
Søk om støtte til planlegging, produktutvikling, marknadsavklaringar, konsulenttenester og opplæring/kompetanseheving.


Investering
Søk om støtte til investeringar til bygg, utstyr og maskiner.


Tiltaksarbeid og kunnskapsretta infrastruktur
Søke om støtte til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale utgreiingar/analyser. Bedriftsfinansierisgssaker som ligg over grensene for kapitalbehov skal sendast til Innovasjon Norge (IN) dersom dei ligg innanfor IN sine prioriterte satsingsområde.
Kommunar kan ikkje nytte midlar frå næringsfondet til drifts- og forvaltningsoppgåver.

Kostnadsgrense




200.000,-


Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker.


Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker.

 

 

Maks støtte


 

Inntil 50%


Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker.


Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker.