Vil ha nattstasjonert fly

IMG_1382.JPG

Nattstasjonerte fly er prioritet nummer 1 for Sogn Næring i samband med høyring om konkurranse om regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2020.

"Utan nattstasjonerte fly, må det lande fly på Haukåsen før morgonflyet kan ta av. Det skapar mykje forseinkingar og kanselleringar, særleg om vinteren. Dette gjer at reisande frå Sogn ikkje tør å stole på at morgonflyet går. Dei reiser alternativt, eller tek kveldsflyet dagen før."

Med nattstasjonerte fly vil vi få betre regularitet på Sogndal Lufthamn. Sikre avgangar på morgonen, er avgjerande for passasjerane sin tillit til rutetilbodet.

Iløpet av 2018 startar bygginga av ein hangar for nattstasjonering. Her er næringslivet del av
spleiselaget, saman med stat, fylkeskommune og kommunar.

I høyringsfråsegna legg Sogn Næring og vekt på at regionen treng fleire direkteruter og rutetabellar som gjev sogningar "normale" arbeidsdagar i Oslo og Bergen.

Du kan lese heile fråsegna her.

Torgeir Skålid