Utviklingsarbeid nye Sogndal kommune

75371703_2443809262340152_1764901005087997952_o.jpg

Onsdag 30. oktober tok Joakim Systaddal frå nye Sogndal kommune turen til Innovasjonsbygget på Campus for å fortelje om korleis kommunen tenker å lukkast med arbeidet innan samfunns- og næringsutvikling. Systaddal har dei siste åra jobba som samfunns- og næringsutviklar i Balestrand, og frå årsskiftet får han heile den nye kommunen som nedslagsfelt.

Auka tal på arbeidsplassar

Eit av dei overordna måla for samfunns- og næringsutviklingsarbeidet vil vere auka tal på arbeidsplassar. Systaddal peika på at det er viktig å legge til rette for at næringslivet i heile kommunen kan utvikle seg, både gjennom rådgjeving, gründertenester og kompetanseutvikling. Det er også naudsynt at kommunen tek ei aktiv vertskapsrolle ovanfor dei store offentlege verksemdene, samt har tilgjengeleg næringsareal og lokale for næringslivet. Vidare vil det vere viktig å nyttegjere seg av dei naturgjevne fortrinna i kommunen på ein god måte.

Berekraftig samfunnsutvikling

FN sine berekraftsmål vil stå sentralt i utviklingsarbeidet i kommunen, og ei berekraftig samfunnsutvikling vil vere eit av dei overordna måla for arbeidet. Ein ynskjer å jobbe for attraktive lokalsamfunn der folk ynsker å bu. Ved å legge rette for naturen som rekreasjonsarena, jobbe med stadutvikling, profil og merkevare er Systaddal overtyda om at ein vil sjå ei ynskja utvikling i heile den nye kommunen. Systadal er også opptatt av å mobilisere og spele på lag med frivillig sektor, som han ser som ein enorm ressurs i lokalsamfunnet.

Utviklingsorientert kommune

Kommunen er ein stor arbeidsgivar og tenestetilbydar, som kan og bør nytte sin posisjon til å drive utviklingsarbeid. Systaddal har som mål at det skal leggast for rette til dette i heile den kommunale organisasjonen, slik at ein kan drive offentleg tenesteinnovasjon. Han ynskjer mellom anna at kommunen arbeider kontinuerleg med å betre tenestene til brukarane samt i endå større grad bidreg til å redusere klimagassutsleppa.

Systadal peika avslutningsvis på at om ein skal lukkast så må ein jobbe i lag og bygge på fortrinna i dei ulike delane i den nye kommunen. Med sterke regionar rundt oss som posisjonere seg i nye Vestland vil det vere viktig at heile den nye kommunen dreg i lag for å styrke regionen. Det skjer alt mykje godt arbeid i den nye kommunen, men det ligg eit stort potensiale for vidare utvikling.

Torgeir Skålid