Restaurant og matfag utdannar nøkkelkompetanse til reiselivet

restaurant og matfag.jpg

Restaurant og matfag ved Sogndal Vidaregåande skule må lysast ut i 2019/20.

I sak 18/7760-45 skal Hovudutval for opplæring 20.11.2018 handsame sak om kva tilbod dei videregåande skulane skal lyse ut for skuleåret 2019/20. Det er føreslege å ikkje lyse ut restaurant og matfag ved Sogndal Vidaregåande skule, og årsaka er svak rekruttering dei siste åra.

Svak rekruttering er diverre er ein nasjonal trend for dette faget. Det er difor sett i gang gode rekrutteringstiltak i fylket, tiltak ein truleg må vente litt for å sjå resultata av.

Sogndal Vidaregåande skule har i dag dei flottaste fasilitetane i fylket for denne utdanninga, og elevane ved restaurant og matfag er kritisk arbeidskraft for ein av dei aller største næringane i fylket, reiselivet. Regionen har og mange institusjonskjøkken som skrik etter arbeidskrafta til elevane til Sogndal vidaregåande skule.

Det er naudsynt å gje elevane høve til å søkje utdanninga denne våren. Næringslivet signaliserer at dei ønskjer å nytte både tid og ressursar på å stimulere rekrutteringa gjennom vinteren, slik at studiet kan gjennomførast med naudsynt tal elevar. Bedriftene vil og vere med på å utvikle utdanninga vidare, og gjere den enda meir attraktiv for ungdommen. Dette arbeidet vil Visit Sognefjord og Sogn Næring følgje tett framover.

Det er mogeleg å kombinere utdanninga med vaksenopplæring og opplæring av framandspråklege. For både inkluderingsarbeidet i regionen og for rekruttering til næringslivet vårt vil dette vere eit særs viktig tiltak.

Det er viktig med kreative utdanningar også i Sogn, og vi set vår lit til at fylkesutvalet vidarefører dette tiilbodet i 2019/20.

Politikarane våre skal tysdag ta utfordrande val for ungdommen vår, vi ønskjer lukke til!

Ståle Brandshaug
Reiselivsdirektør, Visit Sognefjord

Torgeir Skålid
Dagleg leiar Sogn Næring

Torgeir Skålid