Nytt styre i Visit Sognefjord

visit sognefjord.png

Sogn Næring er saman med Aurland Ressursutvikling største eigar i destinasjonsselskapet Visit Sognefjord. Selskapet har som hovudfokus å marknadsføre og selje reiselivet i dei 9 Sognekommunane frå Årdal i aust til Høyanger i vest. 

På generalforsamlinga i april fekk selskapet nytt styre.  Yngve Hallén, Kristine G. Ohnstad takka for seg i styret styret, og vert erstatta av Therese Turlid frå Aurland kommune og Sogn Næring sin daglege leiar, Torgeir Skålid.

Styret ser no slik ut:
Terje Kjørnes, Kjørnes camping (styreleiar)
Therese Turlid, Aurland kommune
Jorunn Åsfrid Røyrvik, Blix Hotel
Steinar Aase, Fjord Tours
Øivind Wigand, Flåm AS
Olav Grov, Luster kommune
Harald Offerdal, Balestrand kommune
Torgeir Skålid, Sogn Næring 

1. Vara, May-Lene Lunden, Flåm Guideservice
2. Vara, Bård Huseby, Fjærland fjordstove

Nye Sogndal kommune vert den desidert største reiselivskommunen i Sogn basert på overnattingsdøgn. Utvikling av reiselivsprodukt i heile den nye kommune vert soleis viktig arbeid for Sogn Næring og dei andre utviklingsaktørane i kommunen framover.

Torgeir Skålid