NÆRINGSLIVSFRUKOST: Kampen om dei beste folka

beste folka.jpg

Saman Kaffibar, Innovasjonsbygget, Campus Sogndal 12. november 2019 klokka 07:30

Tysdag 12. november inviterer Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane til frukostsamling for næringslivet i Nye Sogndal kommune. Tema for samlinga er rekruttering, eit tema som er står høgt på prioriteringslista til næringslivet i alle delar av den nye kommunen.

Frukosten står klar i Saman sin kaffibar i Innovasjonsbygget på Campus Sogndal frå klokka 07:30. Klokka 08:00 ynskjer påtroppande ordførar i Nye Sogndal kommune, Arnstein Menes, og styreleiar i Sogn Næring, Agnar Holen, velkomen til samlinga. Dei vil gjere seg nokre refleksjonar om den nye kommunen, og korleis kommune og næringsliv kan spele kvarandre gode.

erlend_lunde.jpg

Vi har invitert Erlend Fardal Lunde heim til Sogn. Systrendingen er 31 år, hotelldirektør på Comfort Hotel Bergen Airport og er kåra til eit av dei største unge leiartalenta i Bergensregionen. Hotellkarriera starta han hjå Quality Hotel Sogndal i 2009. Allereie i 2011 blei han, som 23 åring, hotellsjef ved hotellet. Etter nokre år som direktør for Clarion Collection Hotel Kysten i Sandnessjøen med imponerande resultat kapra han hotelldirektørstillinga på Comfort Hotel Bergen Airport då det opna februar 2017. Han er brennande engasjert i hotell og leiarskap, og rekruttering av dei beste folka er vinnaroppskrifta hans. Erlend har ein eigen blogg som du finn her.

Framover vert det viktig arbeidsoppgåve for oss i Sogn Næring å gjere bedriftene i Sogndal synlege og attraktive for relevant arbeidskraft. Vi ønskjer ein dialog med bedriftene på kva verktøy de treng, og kva vi som kommunen sin forlenga arm, kan bidra med.

Samlinga er den første i sitt slag, og vil dukke opp på fleire plassar i kommunen med stadig nye tema. Vi ønskjer velkommen til Campus 12. november og ber om påmelding på skjema under innan 1. november. Samlinga er gratis, men det er avgrensa tal plassar, så vi praktiserer førstemann-til-mølla-prinsippet.

Name *
Name
Torgeir Skålid