Leikanger, Sogndal og nye Sogndal kommune veks

Nye sogndal kommune veks.JPG

Statistisk Sentralbyrå har laga befolkningsstatistikk der dei skriv fram folketalet i kommunane våre til 2040.

Leikanger og Sogndal ligg godt an, det gjer og nye Sogndal kommune. Per 1. januar har Leikanger 2.345 innbyggjarar, medan Sogndal har 8.059. SSB presenterer 3 scenario i statistikken sin: 

•    Hovudalternativet (prognose)
•    Høg nasjonal vekst
•    Låg nasjonal vekst

Hovudalternativet spår 55 nye innbyggjarar i Leikanger i 2040 (+2.3%) og 2.741 i Sogndal (+34%). Nye Sogndal kommune (Balestrand, Leikanger og Sogndal) ligg an til å få 2.634 nye sogndøler (+22.6%). Til samanlikning presenterer statistikken ein vekst for den nye kommunen i Sunnfjord på 1.437 (+6.5%).

Med ein høg nasjonal vekst fram mot 2040 vil kommunane våre gjere det enda betre. Leikanger ligg i eit slikt scenario an til ein vekst i folketalet på 255 (+10.9%) og Sogndal 3.541 (+43.9). Nye Sogndal vil då ha ein auke på 3.734 mot td Sunnfjord sine 3.237 (+14.7%).

Dersom vi dei neste 22 åra får ein låg nasjonal vekst vil dette og påverke kommunane våre. Leikanger kan få ein minus på 45 innbyggjarar (-1.9%), medan Sogndal kompenserer godt med sine 2.141 nye (26.6%) slik at nye Sogndal får 1.934 (+16.6%). Veksten i Sunnfjord vil til samanlikning vere på 137 (0.6%).

Tala for kommunepartner Balestrand er utfordrande. Ei viktig oppgåve for både nye Sogndal og Sogn Næring framover vert å snu motarbeide prognosen på 162 (-12.8%) gjennom god lokalsamfunns- og næringsutvikling. Med Balestrand sine kvalitetar som utgangspunkt er det definitivt potensiale for vekst også lengst vest i nye Sogndal. 

Du kan studere statistikken frå SSB her

Torgeir Skålid