Har du smaka på den nydlege kaffien til Sognefjorden kaffibrenneri enno?

Gründeren Kjetil Russenes vann pitchekonkurransen i regi av Kunnskapsparken og Sogn Næring under Fjellsportfestival 2017. Ideen til gründeren var å starte kaffebrenneri i Sogn og Fjordane. Premien bestod av ei pengegåve, rettleiingstimar og kontorplass på Sogndal campus. Halvanna år seinare har Kjetil produsert mange hundre kilo kaffi, og han har mange planar for å gjere produktet betre og vekse!

- I starten var det heilt fantastisk å få kome inn i miljøet på Campus. Ut over at det er stor hjelp i å kunne gå over til Sogn Næring og Kunnskapsparken, banke på kontora, og få svar på det ein lurer på, gjev det stor motivasjon å sitja i lag med andre gründarar. Det å starte bedrifta med å vere del av campusmiljøet gav eit realt spark bak! Det gjev ein ekstra driv. Det er lettare å verte tatt seriøst og ein har eit nettverk av folk som jobbar med ulike spennande prosjekt. På den måten får ein innspel på eigne idear, såvel som nye idear frå likesinna.

Sognefjorden Kaffibrenneri har fått to løyvingar frå kommunalt næringsfond, på tilsaman kr 140 000 til å utvikle bedrifta og produkta sine.

Besøk nettsida til Sognefjorden Kaffibrenneri, og du kan klikke heim nydeleg lokaltbrent kaffi.

Lisbeth Bringeboen