Gunn Cecilie Timberlid Hundere tilsett som seniorrådgjevar

bilde+GCTH.jpg

Sogn Næring AS har tilsett Gunn Cecilie Timberlid Hundere (31) som seniorrådgjevar.

Hundere har ein mastergrad i Statsvitskap frå Universitetet i Oslo, og kjem frå stilling som rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet. Frå departementet tek ho med seg erfaring frå arbeid opp mot både politisk og administrativ leiing, gjennom koordinering av arbeid med statsbudsjettet og utvikling av strategiar for auka forsking og innovasjon i næringslivet. Tidlegare har vår nye seniorrådgjevar fartstid i Landbruksdirektoratet, med utgreiingar, jordbruksoppgjeret, kontroll og rettleiing av fylkesmannen som arbeidsfelt.

Gunn Cecilie er fødd og oppvaksen i Sogndalsdalen, der ho og er odelsjente på ein gard. No tek ho med seg sambuar frå Austlandet og ei dotter heim til Sogn:

-Eg er brennande engasjert for utvikling av heimkommunen min og Sogneregionen, og gler meg til å kome heim for å bli med på utviklingslaget. Eg ser berre mogelegheiter, og elskar utfordringar.

-Gunn Cecilie har kompetansen og dei personlege eigenskapane vi har sett etter, seier dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid. -Næringslivet vårt går på høggir, og det er nyskapings- og utviklingspotensiale i mange næringar. Sogn Næring skal vere ein aktiv tilretteleggjar, og bidra til å utløyse potensialet, og Gunn Cecilie vert ein nøkkelressurs i dette arbeidet.

Gunn Cecilie Timberlid Hundere startar i jobben som seniorrådgjevar 1. mai 2019.

Torgeir Skålid