Gratulerer Sogndal!

DJI_0014.JPG

Fredag er ein stor dag for Sogndal, vi gratulerer kommunen med opning av 3 gigantprosjekt som vil prege framtida til innbyggarane.

På Kaupanger opnar Trine Lerum & co den nye fabrikken sin. Det markerer at Lerum no har samla all produksjonen sin, noko du kan lese meir om i Porten sin artikkel.

Statens Vegvesen opnar Loftesnesbrui offisielt frå klokka 17.30. Det vert kaffi og kaker, helsingar og opning ved statssekretær Brage Baklien. Heile programmet og info om byggeprosjektet finn du her.

Sogndal sitt nye ansikt mot fjorden, Fjordstien, har vore mykje omtala og diskutert. No står praktverket klar til bruk og vert offisielt opna i etterkant av bruopninga.

Det samla programmet for Opningshelg finn du på Facebook.

Vi gratulerer og applauderer alle dei gode kreftene som har løfta desse prosjekta og gler oss til å utvikle kommunen vår vidare saman med dykk alle!

Torgeir Skålid