Fylkesutvalet går for nattstasjonering

sfj.jpeg

Fylkesutvalet følgjer hovudutval for samferdsle si innstilling, og dermed er nattstasjonering av fly på Sogndal Lufthamn Haukåsen eit sentralt krav frå et samla Sogn og Fjordane før Samferdselsdepartementet skal leggje regionale ruteflygingar ut på anbod.

Ei rekke bedrifter og offentlege etatar i Sogn engasjerte seg i høyringsrunden til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Avery Dennison NTP, Kaupanger Næringsforening, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune, Rocketfarm AS, Nlink AS, Digital Etikett AS , Statens vegvesen, Sogn Regionråd, Sogn Næring, Visit Sognefjord og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane omtalte alle nattstasjonering i Sogndal som ein kritisk faktor for regulariteten.

Nå går høyringsfråsegna frå Sogn og Fjordane til Samferdselsdepartementet, og det er viktig at fylket framleis nyttar allla kanalar til å framsnakke nattstasjonering.

Vedtaket i fylkesutvalet er slik:

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer at Samferdsledepartementet skal vera ansvarleg for å følgje opp anbodskontrakten for ruteflygingar for perioden 1. april 2020 – 31. mars 2024. Fylkeskommunen bør overta ansvaret for utarbeiding av anbodsgrunnlaget og gjennomføringa av flyrutekjøpet frå 1. april 2024.
  2. Sogn og Fjordane fylkeskommunen føreset at det i framtida skal vera eit aktuelt og attraktivt tilbod, minimum på nivå med i dag, på alle våre fire flyplassar; Sogndal, Sandane, Førde og Florø. Det er viktig at dagens rutetilbod fungerer optimalt med omsyn til regularitet og tilpassa rutetider .
  3. Sogn og Fjordane fylkeskommunen støttar Møreforsking i at maksimaltakst inkludert avgifter er nådd.
  4. Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg hovudsakleg til for slaget til kriteriesettet for transportstandard i det framtidige FOT - rutetilbodet. Vi ber i tillegg om at tilgang til fylkesadministrasjon og tilgang til nasjonale ruteflygingar vert innarbeida som kriterium.
  5. Krav om «grøn» transportstandard må leggast til grunn for den framtidige transportstandarden for FOT - rutene. Rutetidene må utformast slik at det er mogleg å rekke møte både i Oslo og Bergen seinast kl. 10: 00, med retur mellom 16: 00 og 17: 00, i tillegg til kveldsavgangar. Det må stillast krav om mini mum 39 - setersmaskin på alle rutene til/frå Sogn og Fjordane.
  6. Flyrutene på Florø lufthamn må bli tilbakeført til FOT - systemet i neste anbodsperiode. Basert på erfaringane med kommersialiseringa av flyrutene på Florø, ser ikkje fylkeskommunen det som aktuelt å kommersialisere andre ruter.
  7. Rutetilbodet mellom Sogn og Fjordane og Bergen er ikkje tilfredstillande . Sogn og Fjordane fylkeskommune viser til samanslåingsprosessane mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Høgskulane på Vestlandet vart slått saman i 2017. Nytt fylkesmannsembete frå 2019 og den nye fylkeskommunen frå 2020 . Alt dette medfører auka reisebehov mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Det vil derfor vere behov for eit betre og meir tilpassa rutetilbod mot Bergen – ikkje mindre og dårlegare.
  8. Fylkesutvalet ber om at kortbanenettet i Sogn og Fjordane blir pilotarena for utvikling og drift av el-fly, eventuelt gjennom statleg utviklingskontrakt.
  9. Det må bli nattstasjonert fly på Sogndal lufthamn.
  10. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om at regjeringa gjennomfører ein samla gjennomgang og endring av luftfartsavgiftssystemet for å sikre at fly med liten setekapasitet ikkje har høgare av gifter per seteplass enn større fly, og slik styrker tilbodet på kortbanenettet. Endringa må ikkje redusere Avinor sine samla inntekter.

Ein føresetnad for nattstasjonering er etablering av hangar på Haukåsen. Sogn Næring samarbeider med Sogndal kommune om etableringa, og har utfordra stat, fylkeskommune, kommunane i Sogn og næringslivet til å bli med i eit spleiselag for. -Vi har fått fin respons både i næringsliv og i det offentlege, og arbeidet er i rute, fortel dagleg leiar Torgeir Skålid i Sogn Næring. Hittil har desse bidrege til økonomi for å løfte hangaren:

  • Balestrand kommune 100,000
  • Leikanger kommune 500,000
  • Sogndal kommune 1.000.000 
  • Nye Sogndal kommune 1.000.000 
  • Luster kommune 500,000
  • Lærdal kommune 300,000
  • Vik kommune 300,000
  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune 3.000.000 
  • I tillegg er det god dialog med næringslivet om bidrag.
     
Torgeir Skålid