FUS - Nytt gründersenter i Sogn

32498286_10160459815430444_7445316573436313600_n.jpg

FUS er namnet på kontorlokala for gründerar, inkubatorbedrifter og etablert næringsliv på Fosshaugane Campus.

- Målet med FUS er så klart å tilby så gode arrangement, nettverk, møteplassar, kunnskap og kompetanse at lokala vert sprikkfulle av nyskapande gründerar og etablert næringsliv, seier Lisbeth Bringebøen i Sogn Næring, som no er ansvarleg for vidare drift og utvikling av gründersenteret FUS.

FUS Sogndal AS er eigd av Sogn Næring AS og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og skal huse både gründerar i tidleg fase, inkubatorar knytt til Kunnskapsparken i tillegg til etablert næringsliv. Utviklinga av tilbodet FUS er begge aktørar medverkande og ansvarlege for.

- FUS har 21 plassar, men det er plass til å setje inn fleire skrivebord når pågangen vert større, så vi ynskjer alle interesserte velkomne til å sjekke ut lokala, miljøet og tilbodet vårt, seier Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring.
 
For meir informasjon sjå:
www.fussogn.no

Ta kontakt med Sogn Næring og avtal eit uforpliktande møte for omvisning og informasjon om FUS. 

 

Lisbeth Bringeboen