No blir det mogleg å studere coaching i Sogndal

Coaching og relasjonsleiing emne 1 - 15 STP i Sogndal haustsemesteret 2018.

Studiet blir sett opp som eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet og Oslo Met, tidlegare Høgskulen i Oslo og Akershus. Gjennom å studere coaching vil du få fagleg påfyll i eit inspirerande miljø med gode forelesarar. Tidspunkt for studiet er på torsdagar frå kl. 10.00‐17.00 og fredagar frå kl. 09.00 – 16.00.

Dato for dei fire samlingane er som følgjer:

  • Samling 1 - 13. og 14. september
  • Samling 2 - 18. og 19. oktober – (veka etter haustferien)
  • Samling 3 - 15 og 16. november
  • Samling 4 – 06. og 07 desember

Frist for innlevering av heime-eksamen, som er ein praksisrapport på 12 sider, er fredag 12 januar 2019. Prisen for studiet er kr. 25.900,-. Eksamensavgift kr. 3500,- og bøker for ca kr. 1500,- kjem i tillegg. 

Klikk her for å lese meir eller melde deg på.

 Siste frist for påmelding er fredag den 31. august 2018.


Tilleggsinformasjon om coaching og relasjonsleiing emne 1.

Det same studiet har tidlegare vore sett opp før m.a i Florø, Eid, Sogndal, Sandane og Førde og nærare 250 har no teke dette faget lokalt i Sogn og Fjordane. Det vil bli høve til vidare påbygging med emne 2 og 3 her i fylket for dei som ønskjer å gå vidare. Det er eit mål å kunne tilby 60 STP med coaching og relasjonsleiing lokalt.

Det kan nemnast at heile trenarteamet til Strømsgodset med tidlegare trenar Ronny Deila i spissen har teke både coaching emne 1 og 2. Dagleg leiar Jostein Flo er og positiv til studiet.
Color-Line har og nytta dette studiet i mange år.


Lisbeth Bringeboen