Cecilie Njøs Høgheim vald som nestleiar

cecilie nh.jpg

I styremøte til Sogn Næring 7. juni valde styret Cecilie Njøs Høgheim til ny nestleiar.

Bak seg har Cecilie studier i samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo og til dagleg jobbar ho med digitalisering av offentleg sektor i DIFI på Leikanger.

Cecilie er leiar for Arbeiderpartiet si gruppe i kommunestyret på Leikanger, og har vore styremedlem i Sogn Næring sidan mai 2017. Frå Cecilie har vi fått denne kommentaren til valet:

– Sogn Næring AS er etter mitt syn veldig viktig for utviklinga av næringsarbeidet i regionen. Og det er utruleg kjekt at styret viser meg tillit som nestleiar. Selskapet går som resten av regionen ei spennande tid i møte, og eg gledar med til fortsettelsen.

Vi ønskjer Cecilie lukke til i vervet og ser fram til vidare samarbeid.

Torgeir Skålid