Bondevik: La ungdommen gå medielinja

Foto: Gasta design & kommunikasjon as

Foto: Gasta design & kommunikasjon as

Dagleg leiar i Gasta design & kommunikasjon as, Vidar Bondevik, oppmodar i Sogn Avis 05.02.2019 undommen til å søkje medielinja. Her kan du lese innlegget:

La ungdommen gå medielinja

I dag sit mange ungdomsskuleelevar og vurderer kva linje dei skal søke på vidaregåande skule frå hausten av. I dei fleste heimar er også foreldra engasjerte i dette valet, og det er bra. Ved Sogndal vidaregåande skule har dei bygd opp ei medielinje som har fleire unike sider ved seg. Fasilitetane og utstyret på Fosshaugane Campus er imponerande. Koplinga til Sogndal Fotball og høvet til å gjere mediearbeid rundt fotballkampar er heilt unikt. Dei har også store fleirkamera/nett-TV-produksjonar, ei spennande satsing på entreprenørskap gjennom elevbedrifta Campus Media og vi i Gasta har jamleg nytte av flinke elevar som gjer oppdrag for oss.

Så kvifor har søkjartala til medielinja gått ned?

Ein del kan skuldast omlegging av studieløpet, ein del kan nok skuldast trendar. Men eg trur den viktigaste grunnen ligg i at verken Fylkeskommunen, skulen, rådgjevarar eller foreldre har teke innover seg endringa i mediebildet som har skjedd dei siste åra.

Medielinja i Sogndal har hatt sterkt fokus på journalistikk og film. Dei fleste foreldre vil i dag slite med å tilrå sine håpefulle at dei bør satse på å bli journalist i NRK eller TV2. Det forstår eg godt. Samtidig har internett og sosiale medium gjort at næringslivet har eit mykje større behov for folk med kompetanse på kommunikasjon. I dag er DNB slutta å sende ut pressemeldingar. Dei lagar sine eigne nyheiter og har sine eigne kommunikasjonskanalar. Lerum jobbar aktivt med kommunikasjon i bloggar og sosiale medium, og har folk som er gode på dette. Sjølv mindre, lokale bedrifter som har behov for å tilsette ein person i administrasjonen, vil garantert føretrekke ein søkar som kan økonomi og kommunikasjon framfor ein som berre kan økonomi.

Difor er det å velje linje for Medium og Kommunikasjon eit framtidsretta og godt val som vil gjere det enklare å få jobb, uavhengig av kva ein studerer vidare. Garantert!

Så kviler det også eit ansvar for Fylkeskommunen og skuleadministrasjonen at ein heile tida justerer faget slik at det er i tråd med utviklinga. Det har eg forstått at skulen er i gang med.

Vidar Bondevik

Dagleg leiar
Gasta design & kommunikasjon as

Torgeir Skålid