37 Gründermøter i 2017

Sogn Næring var i møte med 37 ulike gründerar eller personar i tidleg oppstartfase som ville ha bedriftsrådgjeving i år 2017.

Fleire av desse fekk tilskot av næringsfondet for å kome i gong med bedrifta si.

Sogn Næring, som er betalt av Sogndal- og Leikanger kommune for å følgje opp gründerar og næringsliv, gjev i hovudsak inntil fem timar gratis rettleiing til kvar einskild gründer. I nokre høve vert denne grensa utvida når Sogn Næring har ekstra tru på gründeren og ser at kompetansen vår kan vere avgjerande for at denne personen kjem vidare med prosjektet sitt.

I gründermøter vert Business Model Canvas nytta. Eit gründermøte går gjerne ut på å avklare forventingar, og Sogn Næring spør dei rette spørsmåla for å utfordre gründeren til å kartlegge og snakke med potensielle kundar, konkurrentar og samarbeidspartnarar i første fase. Når dette er gjort møtest vi igjen for å diskutere framdrift og gjer øvingar på økonomi kring framtidig inntening. Saman med gründer vert vi samde om vegen vidare.

Sogn Næring har også arrangert kurs for gründerar i år 2017. Dette er ”frå idè til marknad” i regi av Innovasjon Noreg og er eit kurs med god oppsluttnad. Vi marknadsfører elles aktivt kursa til Driftig i møte med gründerar, som i hovudsak er etablerarkurset over tre samlingar med 7 timar oppfølging, økonomi og rekneskapskurs, marknadsføring m.m.

Meir informasjon om næringsfondet her.

 2 av gründerarne Sogn Næring har vore i møter med

2 av gründerarne Sogn Næring har vore i møter med

Lisbeth Bringeboen